Søknad om løyve - opprydding av Slettebakken deponi fase 1


Høyringsfrist 11. februar 2020 23:59

Bergen kommune skal etablere ei avskjerande grøft for å redusere overvatn til Slettebakken deponi. Frist for uttale er 11. februar 2020.

Avfallsdeponiet på Slettebakken skal sanerast

Det gamle avfallsdeponiet på Slettebakken skal sanerast. I samband med dette skal Bergen kommune etablere ei avskjærende grøft mellom deponiet og omkringliggande terreng for å redusere mengda overflatevatn som i dag infiltrerar inn på deponiet. 

Jord frå deponiet skal takast prøvar av

Jordmassane som vert gravd opp frå grøftetraséen skal leggast i ranker, takast prøvar av og dekkast til med tett duk på deponioverflata medan ein venter på svar på prøvane. Under anleggsarbeida skal det skiljast mellom massar som inneheld avfall og avfallsfrie massar. Jordprøvene skal analyserast for innhald av miljøgifter og organisk innhold (TOC).

Det skal utviklast metoder for å sortere massane frå deponiet

Prekvalifiserte entreprenørar for sanering av deponiet kan hente ut avfallsmassar og utføre testar på å sortere ut avfallsfraksjonar som metall og glass som kan resirkulerast. Formålet er å utvikle metodar for å sortere massane frå deponiet når saneringsarbeidet på Slettebakken starter opp. På denne måten vil ein redusere mengda massar som må leverast til sluttdeponering.

Vatn frå grøfta skal gjennom eit vassbehandlingsanlegg

Vatn skal pumpast frå gravegrøfta til eit vassbehandlingsanlegg beståande av eit sedimentasjonstrinn og eit infiltrasjonstrinn før det vert slept ut på overvassnettet som går til Tveitevannet. Det skal tas regelmessige vassprøvar under anleggsperioden for å kontrollere om behandlingsanlegget fungerer optimalt.

Planlagt oppstart er våren 2020

Anleggsarbeida har planlagt oppstart våren 2020. Estimert anleggstid er 4 - 5 månader.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 11. februar 2020.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, eller sende per post til Fylkesmannen i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2020/315.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurdert.

Uttale