Rovviltnemnda region 1 har sendt revidert forvaltningsplan for rovvilt ut på høyring


Høyringsfrist 20. juni 2019 23:59

Frist for innspel og eventuelle merknader er 20. juni 2019.

Rovviltnemnda vedtok i møte 6. mai 2019 å legge ut den reviderte forvaltningsplanen på offentleg høyring. Planen er sendt til alle kommunane i region 1, fylkeskommunane, fylkesmennene, næringsorganisasjonar og natur- og miljøorganisasjonar. Forvaltningsplanen skal normalt rullerast ein gong kvar valperiode.

Etter høyringa skal planen til fagleg gjennomsyn i Miljødirektoratet før rovviltnemnda gjer endeleg vedtak om godkjenning.