Metodisthjemmet har drive forsvarleg ut frå situasjonen

Gamal bygningsmasse, svært mange tilsette i karantene og dårleg testkapasitet var avgjerande for den alvorlege situasjonen som Metodisthjemmet i Bergen hamna i etter covid-19-utbrotet.  

Etter fleire dødsfall som følge av påvist covid-19 ved Metodisthjemmet i Bergen, opna Fylkesmannen i Vestland tilsyn. Vi konkluderer med at den alvorlege situasjonen ikkje vart handtert i strid med krav til forsvarleg verksemd, men peikar på klare forbetringsområde både i og utanfor sjukeheimen.

Avgjerande årsaksforhold

Frå tilsynet er det spesielt tre faktorar som har vore avgjerande:

  • Ein eldre bygningsmasse som vanskeleggjer tiltak for å avgrense smittespreiing samanlikna med moderne sjukeheimsbygg.
  • Svært mange, på det meste 54 tilsette, måtte i karantene og isolasjon i same tidsrom. Dette medførte innleige av eit høgt tal vikarar som fekk avgrensa opplæring.
  • Då smitteutbrotet ved Metodisthjemmet oppstod, var testkapasiteten låg og kriteria for kven som skulle testast strenge. Dette førte til at smitta var vanskeleg å avdekke.

Metodisthjemmet braut ikkje krav til forsvarleg verksemd

Sjukeheimen følgde råd om smitteverntiltak der dei kunne og tilpassa desse til lokale forhold. Vi har i vår vurdering kome til at sjukeheimen ikkje har brote kravet til forsvarleg verksemd. Dette gjeld sjølv om det i ei slik krise vil vere enkelthendingar som ikkje er optimale, som til dømes feil bruk av smittevernutstyr.

Vi peikar likevel på område der det er behov for forbetring, både i og utanfor sjukeheimen. Rammevilkåra var heller ikkje optimale.

Dette undersøkte vi i tilsynet

I vurderinga har vi tatt utgangspunkt i dei rammevilkåra som låg føre i det som må karakteriserast som ei nasjonal krise. Vi undersøkte korleis sjukeheimen handterte den alvorlege situasjonen. I det ligg det om sjukeheimen i tilstrekkeleg grad både var førebudd på å hindre smitte i sjukeheimen, og om dei sette i verk adekvate tiltak for å hindre smittespreiing.

Det kjem tydeleg fram under tilsynet at bebuarar, pårørande og tilsette er sterkt prega av situasjonen.

Heile tilsynsrapporten finn du under «Dokument».