Ledige verv ved kontrollkommisjonane i Vestland

Det er ledige verv ved kontrollkommisjonane i Vestland. Søknadsfrist er 25. august og 10. september.

Det skal vere ein kontrollkommisjon ved kvar institusjon der nokon er under psykisk helsevern, og Fylkesmannen oppnemner medlemmer til kontrollkommisjonane.

Hovudoppgåva til kontrollkommisjonen er å sikre rettstryggleiken til den enkelte i møtet med det psykiske helsevernet. Kommisjonen kontrollerer tvangsvedtak, behandlar klager og fører velferdskontroll.

Trykk på lenkene under for meir informasjon og søknadsprosedyre for dei ledige verva ved dei ulike kontrollkommisjonane.