Kvinne fekk ikkje forsvarleg oppfølging av Bergen kommune

Ei kvinne var liggande unødvendig lenge med slag heime – heimesjukepleia følgde ikkje rutinane sine.

Kvinna, som skulle ha hjelp frå heimesjukepleia, vart liggande unødvendig lenge med slag, før ho vart sendt til sjukehus med ambulanse. Ein ufaglært pleiar skulle sjå til kvinna om morgonen og ringde på hos kvinna fleire gongar, og kika inn vindauget. Det var ingen som opna døra. Den ufaglærte pleiaren melde frå om dette då vedkomande kom inn til kontoret for pause nokre timar seinare. Pårørande fann kvinna på golvet i bustaden sin. Ho hadde fått slag. Ein sjukepleiar kom og sørga for at kvinna vart sendt til sjukehus med ambulanse.

Leiinga ansvarleg for svikta

Vi er komen til at kvinna ikkje fekk forsvarleg oppfølging frå Bergen kommune ved Etat for heimebaserte tenester. Ho fekk ikkje tilsynet ho skulle hatt den aktuelle morgonen. Rutinane til kommunen var ikkje følgde, og dette er brot på forsvarleg verksemd, etter helse- og omsorgstenestelova paragraf 4-1.

Det er kritikkverdig at kvinna måtte vente unødvendig lenge på hjelp. Leiinga må ta ansvaret for svikta. Pleiaren som reiste ut tok ei ekstravakt og kommunen kan ikkje vise at dei har sikra opplæring. Dei kan heller ikkje vise at dei har følgt med på at alle tilsette har forstått og praktiserer rutinen rett. Når tilsette er ufaglærte har leiinga eit større ansvar for opplæringa og å følgje med på praksis enn om det var ein erfaren sjukepleiar. Det er alltid leiinga som er ansvarleg for at drifta er ansvarleg og at alle rutinar blir følgde. Leiinga skal følgje nøye med på praksis og ha tiltak som gjer at dei så tidleg som mogleg kan fange opp manglande kjennskap til rutinar og uønskt praksis.

Kontaktpersonar