Risikoreduserande tiltak blir ikkje følgde konsekvent ved fleire helseføretak

Det landsomfattande tilsynet med helsehjelp til pasientar som blir utlokalisert frå somatiske avdelingar er gjennomført.

Som ein del av eit landsomfattande tilsyn initiert av Statens helsetilsyn, har Fylkesmannen i Vestland og Fylkesmannen i Rogaland ført tilsyn med Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger og Helse Bergen.

Ved tilsynet med Helse Stavanger fann vi at føretaket har organisert og lagt til rette for at pasientane som blir utlokaliserte skal få forsvarlege tenester. Helseføretaket følgjer med på om dei risikoreduserande tiltaka fungere og gjer endringar ved behov.

I dei tre andre tilsyna fann vi lovbrot. Desse helseføretaka har fått frist for planlegging av kva dei vil gjere for å rette lovbrota. Fylkesmannen følgjer opp helseføretaka fram til dei viser at praksis er endra, og at desse endringane varar over tid.

Utlokalisert pasient

Med «utlokalisert pasient» meiner vi i dette tilsynet ein innlagt pasient som, på grunn av plassmangel, får spesialisthelsetenester på ein annan sengepost enn den som har fagspesifikk sjukepleiekompetanse på det helseproblemet pasientens er innlagt for. Legane som har fagspesifikk kompetanse på pasientens helseproblem, beheld vanlegvis det medisinskfaglege ansvaret. Pasientane er inkluderte i tilsynet også dersom det medisinskfaglege ansvaret blir overført til legar som er tilknytt den mottakande sengeposten, sjølv om desse legane ikkje har fagspesifikk kompetanse på det helseproblemet pasienten er innlagt for. 

Kvifor tilsyn med helsehjelp til utlokaliserte pasientar?

Tema for tilsynet er valt fordi utlokalisering inneber ein auka risiko for pasientane, særleg med tanke på tilgang til kvalifisert personell. Helsetenesta er generelt ei høgrisikoverksemd. Kompleksiteten er stor, med mange meir og meir spesialiserte profesjonsgrupper involvert, avansert utstyr og teknologi, auka behov for kommunikasjon og samhandling m.m. Utlokalisering av pasientar inneber at krava til tryggingstiltak er auka og at leiarar og medarbeidarar difor må ha skjerpa merksemd på risikostyring og risikohandtering. Ved desse tilsyna har Fylkesmannen undersøkt om helseføretaka set i verk naudsynte risikoreduserande tiltak.

Tilsynet gjeld utlokalisering som varer minst eitt døgn. Utskrivingsklare pasientar som blir flytta på grunn av plassmangel inngår ikkje, då desse pasientane i prinsippet er vurdert til ikkje lenger å ha behov for spesialisthelsetenester.

Rapportane frå tilsyna finn du under «Lenkjer».