Pasient fekk ikkje livsviktige medisinar

Ein pasient som fekk gjennomført levertransplantasjon, fekk ikkje forsvarlege helse- og omsorgstenester frå Bømlo kommune i etterkant.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.08.2019

Heimesjukepleia følgde ikkje sine eigne rutiner. Dette kjem fram i avgjerda i tilsynssak som gjeld hjelp til medikamenthandtering etter levertransplantasjon.

Gav ikkje pasienten tilstrekkeleg informasjon

Etter levertransplantasjonen, skulle pasienten ha hjelp frå kommunen til å administrere medisinar. Då heimesjukepleia avslutta administreringa av medisinane, følgde dei ikkje rutinen for oppstart av multidose, og gav ikkje pasienten tilstrekkeleg informasjon om dei viktige medisinane ho skulle ta utanom.

Resultatet vart ein alvorleg avstøytingsreaksjon. Då heimesjukepleia ikkje lenger administrerte medisinane, gjekk pasienten over til multidose – ein maskinell pakking av legemidlar i posar til personar som treng hjelp til å dosere og hugse å ta legemidlane. Naudsynte immunsupprimerande legemidlar etter levertransplantasjonen, var ikkje mogeleg å pakke i multidose.

Følgde ikkje si eiga rutine

Vi meiner at heimesjukepleia skulle vore ekstra nøye med å forsikre seg om at pasienten forstod viktigheita av medisinane og at pasienten var i stand til å administrere medisinane sjølv, før heimesjukepleia avslutta hjelpa. Vi meiner at heimesjukepleia ikkje følgde si eiga rutine for oppstart av multidose for ny brukar, og ikkje sytte for at pasienten fekk tilstrekkeleg informasjon om å ta dei naudsynte medisinane ved sidan av multidosen. Ut frå dette meiner vi pasienten ikkje fekk forsvarlege helse- og omsorgstenester frå heimesjukepleia.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar