Legevaktslege braut teieplikta

Ein legevaktslege kontrollerte promillen til ein pasient ho mistenkte hadde køyrt i alkoholrus og tilkalla politiet. Dette var eit brot på teieplikta. For å bevare befolkninga si tillit til helsetenestene, er det avgjerande at helsepersonell viser god rolleforståing.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.05.2020

Legevaktslegen tok rusprøve av pasienten utan at dette vart rekvirert av politiet, og tilkalla så politiet. Fylkesmannen legg til grunn at legen mistenkte at pasienten hadde køyrd i ruspåverka tilstand. Om dette var tilfelle, så var det eit personleg forhold legen fekk vite om i eigenskap av å vere helsepersonell. Legen plikta dermed ikkje berre å teie om det, men også aktivt å hindre at uvedkomande fekk tilgang til denne opplysninga. Meldinga til politiet var difor eit brot på teieplikta, etter helsepersonellova § 21.

God rolleforståing er viktig

For å bevare befolkningas tillit til helsetenestene er det avgjerande at helsepersonell viser god rolleforståing i sitt virke. Helsepersonell skal yte fagleg forsvarleg helsehjelp, og har verken plikt eller mynde til å ta rusprøver av pasientar med anna formål enn å yte forsvarleg helsehjelp til pasientens beste.

Politiet, og ikkje helsepersonell, har heimel til å ta rusprøver ved mistanke om ruspåverka køyring, etter vegtrafikklova § 22 a. Politiet kan i slike saker be helsepersonell om bistand til blodprøver eller liknande undersøkingar, etter helsepersonellova § 12. Bistanden helsepersonell då yter politiet går klart ut over helsepersonells alminnelege oppgåver og rolle. Det er politiet som utøver mynde i slike saker. Helsepersonell utøver ikkje denne kontrollmynda på sjølvstendig grunnlag.

Helsepersonell er pålagd ei streng teieplikt

Formålet med teieplikta er å verne om pasientens integritet og å sikre befolkningas tillit til både helsetenesta og helsepersonell. Teieplikta skal hindre at pasientar unnlèt å oppsøke helsetenesta når dei treng helsehjelp. Pasienten skal føle seg trygg på at dei opplysingane han eller ho gjer frå seg ikkje blir nytta i andre samanhengar. Teieplikta er ikkje berre ei passiv plikt til å teie, men også ei aktiv plikt til å hindre uvedkomande i å få tilgang på teiepliktig informasjon.

«Narkotikaposedommen» illustrerer godt rekkevidda av teieplikta til helsepersonell. For å overhalde teieplikta ovanfor ein pasient som hadde ein pose med narkotika på seg då han vart frakta medvitslaus til sjukehuset, gnidde ein sjukehuslege posen mellom hendene for å fjerne DNA før han overleverte den til politiet. Høgsterett kom til at legen hadde handla i tråd med teieplikta.

Plikt til å avverje straffbare handlingar

Alle pliktar å søkje å avverja visse straffbare handlingar, etter straffelova § 196. Denne plikta gjeld å hindre gjennomføring av visse framtidige eller pågåande straffbare forhald. Det er ikkje mogeleg å avverje ei straffbar handling som allereie er gjennomført.

Helsepersonell har opplysingsplikt til naudetatar dersom dette er nødvendig for å avverje alvorleg skade på person eller eigedom, etter helsepersonellova § 31. Bestemminga må sjåast i samanheng med det snevre unntaket frå teieplikta som følgjer av helsepersonellova § 23 punkt fire.

Omsyna som talar for å bryte teieplikta, må vege vesentleg tyngre enn omsyna som talar for å teie. Å vidareformidle teiepliktige opplysningar til nødetatar må kunne motverke skade av eit visst omfang, for ikkje å vere i strid med teieplikta.  Det er ikkje alle brot på straffelovgjevinga eller vegtrafikklova som er tilstrekkeleg alvorlege for å kunne sette teieplikta til side.  

Omsyna bak teieplikta tilseier at helsepersonell har teieplikt trass i fare for at ein pasient vil køyre ulovleg. Dersom pasienten er synleg rusa og køyringa med sannsyn vil medføre stor risiko for skade, stiller dette seg annleis. Helsepersonell har då eit ansvar for å forsøkje å stanse ein ruspåverka pasient frå å køyre bil. Om mogeleg, bør helsepersonell varsle pasienten om at politiet vert kontakta dersom pasienten setter seg bak rattet for å køyre.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.