Ny frist for å krevje tilskot til trus- og livssynssamfunn 2019

Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja som enno ikkje har fremja krav om tilskot for 2019, kan krevje tilskot innan 13. september 2019.

Det er berre trus- og livssynssamfunn etablert og med medlemslister per 1. januar 2019 som kan krevje tilskot innan den nye fristen.

Kravet må vere postlagt eller levert til Fylkesmannen seinast den 13. september 2019.

Trus- og livssynssamfunn som allereie har kravd tilskot i 2019, skal ikkje sende inn eit nytt krav.

Fristen for å krevje tilskot til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja gjekk ut 1. mars 2019.

På bakgrunn av spesielle omstende i 2019 har Barne- og familiedepartementet vedteke at krav om statstilskot som har blitt avvist fordi trus- eller livssynssamfunnet ikkje har halde kravfristen, likevel skal behandlast. Departementet har i tillegg bestemt at trus- og livssynssamfunn som har late vere å krevje tilskot for 2019 fordi kravfristen hadde gått ut, skal få moglegheit til å fremje eit krav for 2019. 

Den nye fristen for å krevje tilskot er 13. september 2019.

Krav om tilskot skal fremjast på vanleg måte, sjå punkt 3 i rundskriv V-002/19B av 24. januar 2019. 

  • Kravskjema og ein CD eller minnepinne som inneheld trus- eller livssynssamfunnet si medlemsliste, skal sendast eller leverast til Fylkesmannen i det fylket trus- eller livssynssamfunnet høyrer heime i eller er registrert hos.
  • Departementet anbefalar bruk av minnepinne fordi det er enklare å overføre ei fil til ein minnepinne enn til ein CD.
  • Departementet anbefalar på det sterkaste at trus- og livssynssamfunn som sender tilskotskravet i posten, nyttar rekommandert postsending, blant anna fordi samfunnet på den måten vil ha dokumentasjon på at kravet er sendt innan fristen.

Kravskjemaet som samfunna skal bruke, kan lastast ned her

Medlemslista som skal leggast ved kravet, skal berre innehalde medlemene sitt 11-sifra fødselsnummer, og dei skal listast fortløpande nedover, eit på kvar linje. Døme:

01087211111
01087222222
01087233333

Det foretrukne er ei rein tekst-fil (.txt) eller ei Excel-fil (.xls/.xlsx).

Den nye kravfristen er ufråvikeleg

Det betyr at krav som blir postlagt eller levert til Fylkesmannen etter 13. september 2019, vil bli avvist. Blir kravet om statstilskot avvist, vil samfunnet heller ikkje motta kommunale tilskot for 2019.

Tilskotsordningane for trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja har heimel i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna og lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn. Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja kan krevje eit årleg tilskot frå staten og frå kommunar kor det bur medlemer av samfunnet. Tilskotet skal vere av ein slik storleik at det per medlem om lag tilsvarar staten og kommunen sine budsjetterte utgifter til Den norske kyrkja per medlem.

Det er ikkje naudsynt å fremje særskilte krav om kommunalt tilskot. Trus- og livssynssamfunn som får statstilskot, vil få utbetalt tilskot frå dei kommunane kor det bur tilskotsteljande medlemer. Alle kommunar vil motta ei oversikt over talet på tilskotsteljande medlemer i dei ulike trus- og livssynssamfunna i den respektive kommunen.

Kontaktpersonar