Leve heile livet - ei samfunnsreform

Paneldiskusjon under Leve heile livet-konferansen i Førde 28. november 2019. (Foto: Janne Weltzien Listhaug/Fylkesmannen i Vestland)
Paneldiskusjon under Leve heile livet-konferansen i Førde 28. november 2019. (Foto: Janne Weltzien Listhaug/Fylkesmannen i Vestland)

For å få meir heilskapleg planlegging må ein tenke på Leve heile livet som ei samfunnsreform. Det var klart bodskap frå Leve heile livet-konferansane i Førde og Bergen.  

Nær alle kommunane i Sogn og Fjordane og Hordaland, og totalt 280 personar, var representert under konferansane om Leve heile livet-reforma som vart arrangert i Førde 28. november og 3. desember i Bergen. Eit mål for konferansen var å inspirere til korleis vi skal planlegge for eit meir aldersvenleg samfunn, som er eit av hovudområda i reforma. På programmet stod også samhandling og samskaping med kommune, frivillig arbeid og næringsliv.

Hovudutfordringar for Vestland

I fleire kommunar i Vestland vil ein av tre innbyggjarar vere over pensjonsalder i 2040. Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommune orienterte mellom anna om utviklingstrekka og hovudutfordringane for det nye fylket og korleis Vestland vil jobbe med folkehelsearbeidet.

Folkehelseoversikt og utfordringar for fylket og regionar i Vestland finn ein under «Lenkjer».

Aldersvenleg Noreg

Korleis ein planlegg for eigen alderdom var teke opp av både prosjektleiar Ingrid Køhler Knutsen i Helsedirektoratet, som orienterte om Nasjonalt program for et aldersvennlig Norge, og Pensjonistforbundet. Pensjonistforbundet presenterte medlemsundersøkinga frå 2018. Den viser mellom anna at ni av ti er fornøgde med bustaden sin, men at berre to av fem bur i bustad som er tilgjengelege og brukbare for rullestolbrukarar. Kanskje må vi sjølve også tenke på og planlegge for alderdomen tidlegare?

Oppmoda om tverrfagleg arbeid i kommunen

Norske arkitekters landsforbund presenterte Håndbok i aldersvennlig stedutvikling på konferansen. Arbeidet med å skape eit aldersvenleg samfunn famnar vidt og går på tvers av fagfelt og sektorar. Arkitekt Øystein Bull-Hansen oppmoda deltakarane om å gå tilbake til sin kommune og opprette eit tverrfagleg team om det ikkje allereie er på plass.

Helgetun og BetterAge

Styreleiar i GC Rieber Fondene, Christian Rieber, heldt eit brennande innlegg om aktive eldre og bustadprosjektet Helgetun.

Rieber fortalde også om prosjektet BetterAge. Her kan du sjå video om prosjektet BetterAge.

Samfunnsplanlegging i ny storkommune

Samfunnsplanlegging er ein viktig del av arbeidet for å skape endring. På konferansane fekk vi innblikk i korleis ein kan jobbe med Leve heile livet som ein raud tråd i samfunnsplanlegginga, og utfordringar og løysingar i arbeidet med den nye storkommunen Alver. Det er Lindås, Radøy og Meland som slår seg saman til Alver kommune.

Lindås kommune har organisert arbeid med tilpassing av bustader gjennom ei tverrfagleg bustadrådgjevingsgruppe. Her kan du sjå video om Lindåsmodellen.

Her finn du presentasjonane frå konferansen i Førde 28. november, og her finn du presentasjonane frå konferansen i Bergen 3. desember.