Kronprinsregenten til byjubileet

Kronprins Haakon Foto: Jæørgen Gomnæs / Det kongelige hoff
Kronprins Haakon Foto: Jæørgen Gomnæs / Det kongelige hoff

H.K.H. Kronprinsregent Haakon er til stades ved åpningsmarkeringa av Bergens 950-årsjubileum laurdag 18. januar. Regenten vil også stå for nyopning ved Bryggens Museum og delta på mottaking i Håkonshallen.

Publikum og presse er velkomne!

Bergen feirer i år sitt 950-årsjubileum, og i det er lagt opp til mange arrangement. Bergen lysfestival startar til helga, og det vert også ei åpningsmarkering på Bryggen/Dreggen frå kl. 17.00 lørdag 18/1. Sjølve åpninga skjer frå kl 18.00. Les meir: åpningsprogram

Frå Dreggen går turen til Bryggens Museum der Kronprinsregenten vil opne utstilling og få omvisning i museet. Les meir om alt som skjer på Bryggens Museum.

Kl. 19.30 er det mottaking i Håkonshallen. Dei inviterte er trekt tilfeldig ut blant byens innbyggjarar. Det vert velkomsttale ved ordførar, korsong og mingling. 

Arrangementet er lagt til rette for pressa. Presseprogram vedlagt.