Smittevernrettleiarar for barnehagar og skular

Frå måndag 11. mai opnar skulane for alle elevane i grunnskulen og vidaregåande opplæring. Det er 7. mai gjort endringar i rettleiarane for smittevern i barnehage og skule.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.05.2020

Frå 20. april opna barnehagane og frå 27. april opna 1. – 4. trinn på skulane. Det vart utarbeidd smittevernrettleiarar for både barnehage og skule. Skulane opnar no for alle elevane og det er gjort endringar i alle tre rettleiarane.

I rettleiaren for barnehagane er det kome inn råd om reingjering av uteleikar. Nokre råd har blitt presisert og det vert gjeve fleire døme på organisering i kohortar.

I rettleiaren for 1. – 7. trinn vert kohort-organiseringa og ein del andre konkrete råd presisert. Det er også lagt inn råd om reingjering av uteleikar.

I rettleiaren for ungdomsskule og vidaregåande opplæring er det gjort endringar i kontaktreduserande tiltak og enkelte andre råd er presisert.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.