Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage

Regional ordning er ei kompetansesatsing for barnehagar som skal sikre alle barn eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.05.2019

Kva er målet med den regionale ordninga?

Det er ei nasjonal målsetting at alle barn skal ha eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet, men det er i dag dokumenterte skilnadar i tilbodet barn får. Det er ikkje alle barn som får det tilbodet som er omtala i rammeplanen for barnehage. Ein viktig føresetnad for å sikre god kvalitet i barnehagetilbodet til alle barn er at barnehagane har den kompetansen som trengs. Barnehagar kan ha behov for kompetanseutvikling på eit område, og samstundes ha gode kvalitetar på andre felt. Det er da viktig å løfte kvaliteten og utvikle kompetanse innanfor dei områda som barnehagane har behov for. Kompetanseutviklinga skal vere barnehagebasert, og skje i partnarskap med høgskulane som utdannar barnehagelærarar.

Kva er barnehagebasert kompetanseutvikling?

Barnehagebasert kompetanseutvikling inneberer at alle tilsette i barnehagen deltar i ein utviklingsprosess på eigen arbeidsplass. Sjølve utviklingsarbeidet skal skje i den einskilde barnehage og bidra til at barnehagen utviklar sin pedagogiske praksis. Dette skal skje gjennom eit gjensidig utviklande samarbeid mellom høgskulane og barnehagane. Det betyr at høgskulane kjem ut til barnehagane og arbeider saman med personalet. Slik kan barnehagen utvikle forskingsbasert praksis, og høgskulane kan få praksisnær kompetanse som bidrar til å utvikle barnehagelærarutdanningane.

Korleis går barnehagen fram for å bli med i ordninga?

Kvar barnehage må kartleggje sitt behov for kompetanseutvikling innanfor bestemde områder. Kartlegginga skal byggje på kjente verktøy, og den skal vere handterleg for den einskilde barnehage. Barnehagane melder frå til kommunen som barnehagemyndigheit om kvifor dei treng barnehagebasert kompetanseutvikling, og på kva av dei prioriterte områda dei treng kompetanseutvikling i. Det vil vere ei årleg avgjerd om kva barnehagar som skal med i ordninga. Avgjerda skjer i eit samarbeid mellom Fylkesmannen, barnehagemynda, private og kommunale eigarar, fagforeiningar og dei lokale høgskulane.

I høgre meny finn du meir informasjon om ordninga.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.