Teieplikt ved intern gransking av kommunalt barnevern

Barneverntenesta er pålagt streng teieplikt, og kommunen har eit særleg ansvar for å skjerme opplysningar om barn. Publisering av opplysningar i strid med teieplikta, er straffbart.

Bufdir har i brev 17. juni til landets kommunar gjort greie for nokre av dei rettslege rammene ved interne granskingar av barnevernstenesta. Du kan lese brevet her.

Dette er hovudpunkta i brevet:

Det gjeld streng teieplikt for barnevernstenesta, sjå barnevernlova § 6-7 og forvaltningslova §§ 13 til 13 f. Teieplikta er ikkje til hinder for at elles teiepliktige opplysningar vert nytta i samband med interne granskingar, men kommunen pliktar å sikre at slike opplysningar ikkje vert røpa, utover det som er nødvendig for formålet. Kommunen bør vurdere om det er mogleg å nytte anonymiserte opplysningar i granskinga. Dei som gjennomfører granskinga vil ha teieplikt etter forvaltningslova § 13.

Samtykke kan frita for teieplikt, men fritaket vil berre gjelde opplysningar om den som har gjeve samtykket, eventuelt for mindreårige barn som han/ho er verje for. Dersom bruken av opplysningane er basert på samtykke, bør samtykket vere skriftleg. Eit samtykke til bruk av opplysningar i ei gransking, omfattar ikkje offentleggjering eller publisering av opplysningane. Dette krev særleg samtykke. Ved vurdering av samtykke på vegner av barn, må kommunen ta med i vurderinga at foreldre og barn kan ha motstridande interesser. Kommunen har eit særleg ansvar for å skjerme opplysningar om barn.

Resultatet av granskingar som gjeld offentleg verksemd, har offentleg interesse. Dersom granskingsrapporten inneheld teiepliktig informasjon, kan det vere nok å formidle ei oppsummering av funn og konklusjonar. Publisering av opplysningar i strid med teieplikta, er straffbart etter straffelova § 209.