Legg bort lovlegkontroll om publisering av barnevernsrapport

Samnanger kommune si avgjerd om å publisere ein granskingsrapport på nett, kan ikkje takast opp til lovlegkontroll etter kommunelova. Vi har derfor avslutta saka utan vidare handsaming.

Samnanger kommunestyre vedtok den 30. april at ein granskingsrapport om tre barnevernssaker i kommunen, skulle vere offentleg og publiserast på kommunen sine heimesider. Vi varsla lovlegkontroll av avgjerda ettersom vi meinte det kunne vere fare for spreiing av teiepliktige og personsensitive opplysningar.

Bekymra for brot på teieplikt

Vi la særleg vekt på at fleire av personane rapporten omhandlar framleis er under 18 år. Sjølv om rapporten var anonymisert, meinte vi det kunne vere fare for at opplysningane i rapporten vart kopla mot enkeltpersonar, og at kommunen må vise stor varsemd i slike tilfelle. I tillegg spurde vi etter om det låg føre samtykke frå dei som var verna av teieplikta, til å publisere på nettet. Vi såg det i kommunens interesse å få desse spørsmåla vurderte, i og med at det er alvorleg dersom teieplikta vert broten.

Avgjerda kan ikkje takast opp til lovlegkontroll

Kommunelova gjev Fylkesmannen heimel til å ta kommunale vedtak opp til lovlegkontroll. Det er likevel berre endelege vedtak som kan kontrollerast, altså den avgjerda som avsluttar ei sak. Kommunen si avgjerd om å gje innsyn eller om å publisere eit dokument på internett, er ikkje eit slikt vedtak, men ei såkalla prosessleiande avgjerd. Avgjerda kan derfor ikkje takast opp til lovlegkontroll etter kommunelova.

På denne bakgrunnen har vi avslutta lovlegkontrollen.