Kommunens ansvar for barnevernstenester

Kommunen er pålagt å ha ei barnevernsteneste, men står ganske fritt i korleis dei vil organisere tenestene. Fylkesmannen har i eit brev til FO Vestland gjort nærare greie for kva krav som gjeld.

Fellesorganisasjonen (FO) Vestland har kontakta Fylkesmannen med ulike spørsmål knytt til krava i barnevernlova § 2-1. Spørsmåla gjeld mellom anna om kommunen må ha ei barnevernsteneste, i kva grad kommunen kan bestemme korleis tenesta skal vere organisert, og kva kompetansekrav som gjeld for dei som skal utføre oppgåver etter barnevernlova. Fylkesmannen har svara FO Vestland i brev som du kan lese her.  

Under finn du hovudpunkta i Fylkesmannens svar til FO Vestland.

Plikt til å ha ei barnevernsteneste

Kommunen er pålagt å ha ei barnevernsteneste. Barnevernstenesta er det eller dei organa som på vegner av kommunen utfører oppgåver etter barnevernlova, sjå barnevernlova § 2-1 sjette ledd, jf. § 2-1 tredje og fjerde ledd.

Tenesta må vere synleg og tilgjengeleg

For å sikre dei lovpålagde tenestene, må det vere lett for publikum, brukarar av tenestene og samarbeidande instansar å kome i kontakt med barnevernstenesta. Dei som er i kontakt med barnevernstenesta, skal vite at det er barnevernstenesta dei er i kontakt med. Enkeltvedtak som gjeld ytingar og tenester etter barnevernlova, skal vere heimla i barnevernlova.

Teieplikt

Kommunen pliktar å hindre unødvendig spreiing av personsensitive opplysningar. Kommunen må sikre at berre dei som jobbar med barnevern, har tilgang til opplysningar som er underlagt teieplikt etter barnevernlova.

Krav som gjeld administrasjon

Kommunen skal ha ein administrasjon med ein leiar som har ansvar for oppgåver etter barnevernlova, jf. barnevernlova § 2-1 fjerde ledd. Det er opp til kvar enkelt kommune om dei vil ha ei eiga eining for barnevern, eller om oppgåvene etter barnevernlova skal liggje i ei eining som også har andre oppgåver. Det betyr at den leiaren som har det administrative ansvaret for oppgåver etter barnevernlova, også kan ha andre oppgåver. Administrasjonen skal utføre det daglege arbeidet i barnevernstenesta, til dømes gje råd og rettleiing, gjere vedtak eller innstille til vedtak, førebu saker for behandling i fylkesnemnda, iverksetje og følgje opp tiltak, sjå barnevernlova § 2-1 femte ledd.

Oppgåver som må løysast av barnevernleiaren

Nokre oppgåver er etter lova lagt til barnevernleiaren, utan opning for å delegere oppgåvene til andre. Dette gjeld ulike hastevedtak, til dømes hastevedtak om å flytte eit barn ut av heimen, jf. barnevernlova § 4-6 andre ledd, og mellombelse vedtak om samvær, jf. barnevernlova § 4-19. Det vil elles vere avhengig av den administrasjonsordninga kommunen har valt, om barnevernleiaren har eit leiaransvar for andre oppgåver, eventuelt kva oppgåver dette gjeld.

Folkevalt organ som del av barnevernstenesta

Kommunestyret kan leggje oppgåver som følgjer av barnevernlova til eit folkevalgt organ, jf. barnevernlova § 2-1 tredje ledd. Det følgjer direkte av lova at dette organet ikkje kan vere kommunestyret. Organet kan vere eit allereie eksisterande organ, eller kommunestyret kan opprette eit nytt organ. Eit slikt organ kan både ha oppgåver av generell og politisk karakter, og oppgåver knytt til klientsaker. Dersom kommunestyret vel å leggje oppgåver til eit folkevalt organ, må kommunestyret bestemme kva oppgåver dette organet skal ha. Ved behandling av klientsaker i eit folkevalt organ, skal organet ha fem medlemar, jf. barnevernlova § 2-1 tredje ledd.

Kompetansekrav

Det er ikkje krav om at barnevernleiaren eller andre som utfører oppgåver etter barnevernlova skal ha ein bestemt formell kompetanse. Barnevernlova er profesjonsnøytral, men kravet om forsvarleg verksemd, jf. barnevernlova § 1-4, og kravet i internkontrollforskrifta § 4 bokstav c, inneber krav om at alle som har oppgåver etter barnevernlova, har den kompetansen som er nødvendig for å utføre oppgåvene i samsvar med gjeldande lovkrav.

Kommunestyrets ansvar for tenestene

Det er kommunestyret som har det overordna ansvaret for at dei lovpålagde oppgåvene vert utført i samsvar med barnevernlova, sjå § 2-1 første ledd. Det betyr at barnevernstenesta må følgje kommunestyrets vedtak, til dømes budsjettvedtak og andre politiske vedtak som verkar inn på barnevernstenesta. Kommunestyret kan ikkje gjere vedtak som er i strid med barnevernlova eller vedta budsjett som hindrar utføring av kommunens oppgåver etter barnevernlova.