Kommunar undersøker ikkje alvorlege bekymringsmeldingar om vald og overgrep mot barn grundig nok

Vi fann alvorlege avvik i barneverntenesta sitt arbeid med meldingar og undersøkingar som gjeld mistanke om vald og seksuelle overgrep i kommunane Tysnes og Austevoll.

Det er svært alvorleg dersom barn lever med vald og overgrep, utan at kommunen griper inn.

Det konkluderer Fylkesmannen i Vestland med etter tilsyn i dei to kommunane i mars og juni.  Dei planlagde tilsyna handla om korleis kommunane sikrar at barn som treng det, blir beskytta frå å bli utsett for vald og overgrep.

I tilsyna finn Fylkesmannen at kommunane ikkje sikrar at undersøkingar der saka gjeld mistanke om vald og seksuelle overgrep blir handtert forsvarleg. Kommunane sikrar heller ikkje barnets medverknad i desse sakene. Avvika representerer fleire brot på barnevernlova.

Rapportane finn ein under «Lenkjer» til høgre.