Verjemål

Ei verje sikrar interessene til ein person som anten er mindreårig, eller som har fått oppnemnt verje. Ein person som treng hjelp til å sikre sine eigne interesser, kan få verje både på det økonomiske og det personlege området.

Det å få verje vil seie at du får hjelp til gjeremål du ikkje greier sjølv, slik at du kan fungere på lik linje med andre i samfunnet. Eit verjemål skal vere tilpassa behova du har, og det skal ikkje vere meir omfattande enn det som er nødvendig. Vanleg verjemål er frivillig, og du bestemmer sjølv om du vil ha verje eller ikkje. 

Fylkesmannen er førsteinstans på verjemålsområdet. Det vil seie at det er Fylkesmannen du skal kontakte om du, eller nokon som står deg nær, treng verje. 

Klagerett

Du kan klage på eit vedtak om oppretting av verjemål. Dei som har rett til å klage er vedkommande som er sett under verjemål, verja, den som har sett fram kravet om verjemål eller personens ektefelle/sambuar, næraste livsarving og søsken. For andre vedtak enn oppretting av verjemål er det vanlig klagerett etter reglane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Du skal sende klagen til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan omgjere vedtaket, eller sende klagen vidare til Statens sivilrettsforvaltning, som er tilsynsmynde og klageinstans for vedtak gjort av Fylkesmannen.

Vil du bli verje?

Det er ulike typar verjer:

  • Du kan bli oppnemnt som verje til barn utan foreldre, eller dersom foreldra av ulike grunnar ikkje kan ha heile eller delar av verjeansvaret
  • Du kan bli oppnemnt som verje for vaksne
    • viss du er forelder til vaksne barn
    • viss du er søsken, besteforelder, onkel, tante eller ein annan person i storfamilien eller i omgangskrinsen. I tillegg kan du også vere verje som nabo, ven eller viss du berre har eit ønske om å bidra ved å stille opp frivillig
    • viss du vel å stille opp som verje som ein del av arbeidet ditt, eller berre fordi du har eit ønske om å vere til nytte (fast verje/profesjonell)
  • Du er verje som forelder til egne barn under 18 år. Verje er den eller dei som har foreldreansvaret.

Kva som må til av kvalifikasjonar og eigenskapar for at du skal kunne bli verje, er avhengig av oppdraget. Fylkesmannen avgjer kven som skal vere verje, og hovudregelen er at valet vert teke i samråd med personen som skal ha verje. Som regel legg vi vekt på at du handterer utfordringar, har kjennskap til regelverket og offentlege instansar, at du er flink til å formulere deg, har orden i eigen økonomi og likar å gjere noko for andre. Du må også ha god vandel, og verjer må leggje fram politiattest. Fylkesmannen tilbyr nødvendig opplæring og ser til at du utfører vervet på forsvarleg vis.

 

Vis meir


22.06.2020

Vergemål har redusert telefontid i sommer

Vergemål har redusert tilgjengelighet på telefon i sommer grunnet ferieavvikling. I perioden 6. juli - 9. august vil telefonen være betjent fra 11.30 - 14.00. Vergemålstelefonen vil fortsatt være stengt på onsdager.

16.03.2020

Informasjon - Covid-19 - Vergemål

Situasjonen omkring COVID-19 / koronaviruset er krevende for oss alle, og dere har kanskje en del spørsmål som følge av den.

20.03.2020

Informasjon til verger – Covid-19 – Representantordningen

Denne informasjonen sendes også pr. e-post til alle våre faste representanter og verger.

26.02.2019

Saksbehandlingstider

Oversikt over forventede saksbehandlingstider for vergemål hos Fylkesmannen i Vestfold og Telemark. 

18.12.2019

Vergemål - tilgjengelighet i julen

Grunnet begrenset kapasitet i julen er vi mindre tilgjengelig på telefon enn normalt. Av samme grunn må de som ønsker møter avtale dette på forhånd.

21.09.2020

Verjemålstelefonen

Verjemålstelefonen hos FMVT er stengd i morgon tysdag 22.09 frå kl 09.00 - 10.00 grunna allmøte, ope frå 10.00 og vidare som vanleg.