Aktivitetstiltak for å motvirke einsemd

Søknadsfrist:
20. september 2020 23:59
Målgruppe:
Seniorar og eldre som bur i eigen heim eller omsorgsbustad.
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
Kven kan søke:
Kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap, frivillege og idelle organisasjonar
Rapporteringsfrist:
1. februar 2021

Tilskotet er ei eingongsordning i samband med koronapandemien. Fylkesmannen inviterer alle interesserte til eit informasjonsmøte i Larvik torsdag 10. september. Sjå kurskalendaren.

Publisert 22.07.2020

Målet for tilskotet er å stimulere til innovative tiltak for å oppretthalde aktivitet og sosial kontakt. Målgruppa er eldre som bur heime eller i omsorgsbustadar. Aktive og meiningsfulle kvardagar, gode opplevingar og sosial kontakt med sine næraste skal redusere kjensla av einsemd.

Regelverk for ordninga er vedlagt.

Søknadar på eige skjema, sjå under "Dokument" til høgre kan sendast på e-post til: fmvtpost@fylkesmannen.no

eller til postadresse:  Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg

 

Søknadsfrist:
20. september 2020 23:59
Målgruppe:
Seniorar og eldre som bur i eigen heim eller omsorgsbustad.
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
Kven kan søke:
Kommunar, fylkeskommunar, interkommunale selskap, frivillege og idelle organisasjonar
Rapporteringsfrist:
1. februar 2021