Samfunnstryggleik og beredskap

Oppdatert 20.12.2023

Alle har eit ansvar for å førebyggje uønskte hendingar og kriser, og å handtere dei viss dei likevel skjer. Vi må ta førebyggjande omsyn i alt frå arealplanlegging i kommunane til HMS-tiltak på den enkelte arbeidsplassen. Som innbyggjar kan du utruste deg til å klare deg sjølv i nokre dagar.

Statsforvaltaren er eit bindeledd mellom sentrale og lokale styresmakter, og har ei sjølvstendig rolle som pådrivar og rettleiar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.

I ein krisesituasjon er politiet, den ansvarlege fagetaten eller kommunen den viktigaste informasjonskjelda til innbyggjarane. Statsforvaltaren kan i ein del tilfelle ta eit samordningsansvar for krisehandteringa på regionalt nivå, for å sikre gode og samordna løysingar mellom aktørane. Fylkesberedskapsrådet er eit viktig forum for å ivareta samordningsansvaret. I rådet deltek leiarar av offentlege beredskapsetatar, kommunar, næringsliv og frivillige organisasjonar. 

Råd om eigenberedskap til deg som er innbyggjar i Noreg

Du er ein del av Noregs beredskap. Dersom straumen blir vekke eller du blir isolert av veret, bør du vere rusta til å klare deg sjølv i nokre dagar. Styresmaktene ber oss difor vurdere risiko og sårbarheit i eigen heim. Du bør tenke gjennom kva som kan skje, kva konsekvensar det kan få, og korleis nettopp din familie kan handtere det. Finn gjerne også ut kven som kan trenge di hjelp og korleis du kan bidra. Dei grunnleggande behova dei tre første døgna av ei krise er varme, mat, drikke, legemiddel, hygiene og tilgang til informasjon. Mange av oss har alt ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv i nokre dagar, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å komme helt i mål. Her får du gode idear til kva som bør vere på plass i ditt eige beredskapslager.

Vis meir

Gå inn på boksane ovanfor for informasjon, lenker, dokument osb. om dei forskjellige temaene.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.