Øvelse Oslofjord straks i gang

Denne veka startar øvinga Oslofjord. Øvinga skal bidra til å utvikle totalforsvaret i Vestfold og Telemark og vert leia av Heimevernet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.09.2019

Øvinga startar opp forsiktig nå før helga, og så vil det vere full aktivitet utover gjennom neste veke.

Under øvinga vil eit stort antal personar frå fleire avdelingar i Forsvaret vere i innsats, i tillegg til et omfattande antal frå den sivile delen av totalforsvaret.

Under øvinga vil det bli militær aktivitet fleire stader i Vestfold og Telemark, i tillegg til aktivitet i lufta og på sjøen. Mellom anna vil det nye kampflyet F-35 operere ut frå Rygge og øve også over våre områder.

Bildet er frå pressekonferansen i dag hos Fylkesmannen i Vestfold og Telemark.
Fylkesmannen har som oppdrag å samordne den sivile delen av totalforsvaret.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.