Unge mest smitta

No er det dei unge mellom 20 og 30 år som er mest utsett for å bli smitta av covid-19 i Vestfold og Telemark. Gjennomsnittsalderen på dei som har testa positivt i fylket vårt i juni er 26 år, medan det i mars var 53 år. Det viser tal frå laboratoria.

- Det betyr at smitten no føregår mellom yngre menneske. Dette er ein trend vi ser over heile landet.  seier assisterande fylkeslege hos fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Bjørg Klemetsdal.

Ved dei tre laboratoria som analyserer covid-19 i Vestfold og Telemark er det totalt åtte positive prøvar i juni, og gjennomsnittsalderen på dei som er smitta er 26 år. Landsgjennomsnittet for dei som er smitta i juni er 32 år.

Utelivet ein risiko
- Vi ser at folk er tett på kvarandre i utelivet og andre stader der unge menneske samlast. Sjølv om dei fleste unge som blir smitta ikkje blir alvorleg sjuke, vil smitten kunna overførast til sårbare personar som bestemor eller ein familiemedlem som har nedsett immunforsvar på grunn av kreft eller bruk av medisinar. Du er smittsam i om lag to døgn før du får symptom, opplyser Klemetsdal.

Feriegjester med smitte
Det er for tida mest smitte i Oslo. Denne smitten kan lett bli tatt med til fylket vårt gjennom sommaren med mange turistar frå hovudstadsområdet.

- Ferietida medfører at folk flyttar meir på seg, noko som gjer smittesporingen vanskelegare. Dette, saman med at avstandsreglane ikkje blir følgde, aukar risikoen for smitta.

-Vi ser òg at fleire slurvar med handhygienen. Auken i mengde smitta av forkjølingsviruset (rhinovirus) er eit tydeleg teikn på at færre vaskar hendene godt nok eller bruker handsprit. Dette viruset smittar på same måte som covid-19, seier Bjørg Klemetsdal.

Fleire lokale utbrot
-Dersom ein smitta er ute på byen, ikkje overheld smittevernreglene og har tett kontakt med mange menneske, kan mange bli smitta, kanskje så mange som 20 personar. Smitten vil vera vanskeleg å spora, noko som aukar alvoret. Dette kan forholdsvis raskt utvikla seg til fleire lokale utbrot, seier assisterande fylkeslege Bjørg Klemetsdal.

Kva kan vi gjera for å forhindra ytterlegare smitta?
- God handhygiene, ein meters avstand og testing sjølv ved lette symptom er grunnleggande for å forhindra ytterlegare smitta. I tillegg er det lurt å unngå store samlingar med menneske, presiserer assisterande fylkeslege Bjørg Klemetsdal.

Utestedene har eit ansvar for å drifta forsvarleg i forhold til smittevernet, men publikum har eit sjølvstendig ansvar.

-Vi ser at Oslo no vurderer innstrammingar med mellom anna reduserte opningstider, og det kan òg bli aktuelt i området vårt om vi får lokale smitteutbrudd og det blir vanskeleg å smittespore, seier Klemetsdal.

Kontaktpersonar