Tilskudd for å auke motivasjonen til barn og unge

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har løyvd 450.000 kroner til Færder kommune for å auka motivasjonen til barn og unge for å vere på skulen og lære.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.08.2020

Tiltaket skal senke delen barn og unge som strevar med å gå på skulen eller som står i fare for å falle ut av ordinær opplæring av andre grunner.

Fylkesmannen legg vekt på at dette er eit lavterskeltiltak som støttar nasjonale føringar om at fleire elevar skal gjennomføre opplæring og ikkje falla utanfor, og at prosjektet kan ha overføringsverdi til andre kommunar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.