Ny rettleiar for dispensasjonssaker etter plan- og bygningsloven kapittel 19

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har utarbeidd ein ny rettleiar for dispensasjonssaker etter plan- og bygningsloven kapittel 19. Rettleiaren er meint å vere ei hjelp til kommunane ved behandling av dispensasjonssaker, men kan òg vere til nytte for tiltakshavar, konsulentar og andre.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.06.2020

Rettleiaren klargjer mellom anna kva opplysningar Fylkesmannens fagavdelingar må ha for å kunne gi ei uttale. Den viser kva vurderingar Fylkesmannens fagavdelingar gjer når dei skal avgjere om ein dispensasjon vil være i strid med nasjonale og vesentlege regionale interesser. Vidare klargjer rettleiaren kva krav som må vere oppfylte før kommunen kan vurdera om dei vil innvilga ein dispensasjon.

Vi tek sikte på å sende ut rettleiaren på nynorsk i løpet av hausten 2020.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.