Sesongarbeidskraft frå tredjeland

Fylkesmannen fekk i går melding frå Arbeids- og sosialdepartement at det ikkje blir forskriftsendring, som opnar for inntak av arbeidskraft frå tredjeland (land utanfor EU/EØS).

For landbruket er dette i første rekke arbeidarar frå Vietnam og Ukraina. For jordbruket gjev dette største utfordring for grønnsak- og bærprodusentar.

Arbeidstakarar frå EU/EØS som har arbeidskontrakt og nødvendig dokumentasjon i orden vil kunne koma inn i landet. Restriksjonar rundt om i Europa, stor trong for arbeidskraft i jordbruket i mange land, redusert kroneverdi og usikre tider kan medføre mindre tilgang også frå desse områda.

- Vi ser at større grupper med arbeidarar kjem til landet med fly eller buss.
Ifølge landbruksdirektør Helge Nymoen er det viktig at smittevernlegen i kommunen kjenner til når større grupper er på veg inn med omsyn på reglement for karantene m.m.

Kontaktpersonar