Koronaviruset - her held du deg oppdatert

Råd og informasjon om det nye koronaviruset finn du på nettsidene til Folkehelseinstituttet og helsenorge.no.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.03.2020

Les meir på fhi.no 

Les meir på helsenorge.no 

Her finn du konkrete råd om koronaviruset. Dersom du ikkje finn svar på det du lurer på, kan du ringa informasjonstelefonen på 815 55 015.

Fylkesmannen sitt ansvar er å vera eit bindeledd mellom kommunane og sentrale helsestyresmakter. Me held også tett kontakt med dei regionale helseføretaka.

Det er mange som tar kontakt med Fylkesmannen i samband med utbrotet av korona. Mange av spørsmåla som kjem må me ta vidare til Helsedirektoratet. 

Spørsmål
Når det gjeld konkrete spørsmål om ulike arrangement, reiser, konferansar m.m. er dette noko som må avklarast gjennom dialog med smitteverntenesta i den enkelte kommune.

I sist veke hadde Fylkesmannen i Vestfold og Telemark møte med alle kommunane i fylket, i tillegg til møte med fylkesberedskapsrådet. Dette kjem me til å halda fram med. 

Når det gjeld våre eigne arrangement, så følgjer me råda frå Folkehelseinstituttet og me gjer konkrete vurderingar rundt kvart enkelt arrangement framover. 

Helsefaglege spørsmål kan rettast til fylkeslege Jan-Arne Hunnestad mob: 922 82 025 eller assisterande fylkeslege Bjørg Klemetsdal mob: 952 30 524. For spørsmål om beredskapshandteringa kan du ringe: 991 55 654.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.