Hardangervidda nasjonalpark

Logo - Hardangervidda nasjonalpark
Logo - Hardangervidda nasjonalpark

Hardangervidda nasjonalpark blei oppretta i 1981 og er 3422 kvadratkilometer stor.

Hardangervidda er eit særleg verdifullt høgfjellsområde, og er Noregs største nasjonalpark. Området er viktig som tilhaldsstad for dei største villreinflokkane i Europa, og dei største delbestandane av mange fåtalige fugleartar i Sør-Noreg. Vidda byr på eit stort plantemangfald i skjeringspunktet mellom austlege og vestlege artar .

Nasjonalparken ligg i Odda, Ullensvang, Eidfjord, Hol, Nore og Uvdal, Tinn og Vinje kommunar i Hordaland, Telemark og Buskerud fylke.