Erstatning for husdyr drept av fredet rovvilt

Sau på beite i Vå, Vinje. Foto: Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
Sau på beite i Vå, Vinje. Foto: Fylkesmannen i Vestfold og Telemark

Første november 2020 er søknadsfrist for erstatning for husdyr drepe av freda rovvilt.

Alle søknader om erstatning skal sendast inn via elektronisk søknadssenter.

Miljødirektoratet sitt søknadssenter vart opna 10. oktober for innlegging av årets søknader.

Dersom du ikkje har brukt det elektroniske søknadssenteret tidlegare, må du først registrere deg som søkar. Vegvisar ligg på sida til søknadssenteret.

Det elektroniske søknadsskjemaet er enkelt å fylle ut, og følgjer same oppbygging som papirversjonen. Kort tid etter at søknaden er lagra, ligg den tilgjengeleg hos saksbehandlaren som skal behandle den. Svar på søknaden får du med vanleg post.

Erstatningsordninga for tap til rovvilt blir forvalta av Miljødirektoratet og blir behandla hos miljøavdelinga hos Fylkesmannen. Har du spørsmål til utfylling av søknaden, kan du ta kontakt med kontaktpersonane som står på høgre side. Dersom du seinare ønsker å endre opplysingar gitte i ein søknad du har sendt elektronisk, må dette skje skriftleg via post til Fylkesmannen.