Avslag på søknad om å felle gaupe i beiteområdet til Botnedalen beitelag

Fylkesmannen avslår søknad om å få felle ei gaupe i Botnedalen i Tokke kommune etter at det blei observert to sauer på svøm i Botnedalsvannet 17. august.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.08.2020

Av dei to sauene drukna den eine, medan den andre blei redda. Søkjar meiner det er gaupe som har skremt dyra.  

Det er ikkje dokumentasjon på at gaupe har vore involvert i tapet av ein sau og dermed er ikkje vilkåra for felling til stades. Fylkesmannen er positiv til å støtte auka tilsyn i området.

Lenke til utgåande brev ligg i menyen til høgre.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.