Nye område for naturtypekartlegging

Fylkesmannen får kvar haust i oppdrag frå Miljødirektoratet å foreslå nye område for naturtypekartlegging for neste år. Miljødirektoratet kartlegg natur etter systemet Natur i Norge (NiN). Miljødataene skal brukast som grunnlag for beslutningar i arealforvaltinga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.10.2020

Utval av område

Ved utval av område for naturtypekartlegging skal ein vektlegge område:
a) med stor aktivitet og stort utbyggingspress
b) der ein kan forvente å finne naturtypar etter Miljødirektoratets kartleggingsinstruks

Har sendt ut brev til fylkets kommunar

For å innhente lokalkunnskap har Fylkesmannen sendt ut brev til fylkets kommunar for innspel til område som kan være aktuelle for slik kartlegging neste år jf. brev som ligg ved. Fylkesmannen har oppretta ein digital kartløsning der kommunane kan avgrense og beskrive områda som foreslås.

Etter ein samla vurdering av innkomne og egne innspel, vil Fylkesmannen sende over eit samla forslag til Miljødirektoratet innan 15. november. Miljødirektoratet vil ha ein open innspelsrunde i desember, og så prioritere kva for område som skal kartleggast i 2021.

Resultata frå kartlegginga i 2021 er forventa i Miljødirektoratets Naturbase (www.naturbase.no) i starten av 2022.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.