To kommunar får stønad i vårt fylke når det gjeld klimatilpassing for 2020

Miljødirektoratet deler ut 6,4 millionar kroner til kommunar og fylkeskommunar for å auke kunnskapen om klimatilpassing. Og i år har Skien og Kragerø kommunar fått stønad.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.05.2020

Formålet med tilskotsordninga er å heve kunnskapen om korleis dagens og framtidas klimaendringar møter kommunen sine ansvarsområde, og korleis dei best kan tilpasse seg og førebyggje negative verknader av klimaendringar.

Det er sjette år på rad Miljødirektoratet deler ut slike tilskot.

Ulike samarbeid mellom kommuner

Nokre kommunar vel å samarbeide om prosjekt, ofte fordi dei ligg inntil kvarandre geografisk. Andre samarbeider frå ulike sider av landet fordi dei har dei same utfordringane.

Kragerø og Kvinesdal har i år saman søkt om stønad til eit slikt prosjekt. Det dreiar seg om korleis ein kan beskytte eldre bygg og kulturminne, som ligg nært kysten, mot effektar av framtidige klimaendringar som havnivåstigning og stormflo.

 

Les meir om saka på heimesida til Miljødirektoratet.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.