Nye klimawebinarer for kommunane

Miljødirektoratet tilbyr nye webinarer om klimatilpassing og korleis kommunane kan kutte utslepp av klimagassar. Rundt 50 webinarer kan sjåast i opptak.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.09.2020

Webinarene er timelange, direktesende seminar på nett for kommunane. Her får deltakarane eksempel på klimaarbeid i kommunar over heile landet, supplerte med kunnskap frå fagmiljø og andre ekspertar.

Komande webinarer

Her er den førebelse oversikta over hausten sine webinarer om lokalt klimaarbeid. Fleire webinarer vil komme.

  • 8. september: Klimakrav i offentlege innkjøp - kom i gang
  • 15. september: Lading i burettslag - korleis kan kommunane hjelpe?
  • 13. oktober: Klimatilpassing: Praktisk bruk av klimaprofil
  • 27. oktober: Klimatilpassing: Drikkevatn i eit endra klima
  • 24. november: Klimarisiko for kommunane
  • 15. desember: Klimatilpassing: Kunnskap om risiko og sårbarheit


På heimesida til Miljødirektoratet finn du meir informasjon og påmelding til dei ulike webinara.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.