Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har blitt medlem i det nye klima- og Energinettverket i Vestfold og Telemark

Embetet har underteikna ei medlemsavtale i det nyetablerte Klima- og Energinettverket i Vestfold og Telemark. Intensjonsavtala gjer at vi må jobbe systematisk mot klimamålet om 60 % reduksjon i klimagassutslepp innan 2030 og vil vere ei klimaansvarleg verksemd i vår region.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.11.2020

Nettverket skal fungera som ein koplingsboks for problemløysing og bidra til nye klimaprosjekt. Fleire bedrifter, kommunar, akademia og andre verksemder har meldt seg inn for å saman lære av kvarandre, få praktisk kunnskap og bli inspirert til å gjera berekraftige endringar i eiga drift og investering.

Medlemsavtala inneber mellom anna forventningar om:

  • forankring i toppleiinga der omsynet til klimagassutslepp skal vera inkludert i heile organisasjonen
  • arbeid med klimarekneskap og budsjett
  • offentlege anskaffingar og grønare innkjøp
  • energiomstilling og sirkulærøkonomi
  • eit langsiktig klima- og/eller energiprosjekt i eigen verksemd

Det er fylkeskommunen i Vestfold og Telemark som vil leia nettverket og har sekretariatsansvar.  

Grethe Helgås (ass. miljøverndirektør) og Linn Johnsen (leiar av nettverket). Foto: Fylkesmannen i Vestfold og Telemark


Assisterande Miljøverndirektør, Grethe Helgås underteikna avtala på vegne av Fylkesmannen under lanseringa av nettverket den 30. oktober.

Hun trur dette blir ein viktig samarbeidsarena som vil gi nyttig og konkret hjelp i arbeidet med å redusera utslepp.

For å nå dei klimamåla som er satt både nasjonalt og regionalt her i Vestfold og Telemark, er vi avhengig av samarbeid og nettverk der alle aktørar bidrar. Vi vil ta vår del av ansvaret og vere ei klimaansvarleg verksemd i vår region, avsluttar Helgås.

 

For meir informasjon om nettverket og viss du er interessert i å bli medlem, klikk her for å sjå nettsidene for Klima- og Energinettverket 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.