Vi er opptekne av at landbruket skal få naudsynt arbeidshjelp i vekstsesongen

Situasjonen vi har i landet med utbrot av koronavirus, har ført til at mange tiltak er sett i verk av nasjonale styresmakter for å hindre rask smittespreiing. Dette gjer at det no er vanskar med å skaffe seg utanlandsk arbeidskraft som mange bønder nyttar til planting og innhausting.

Mange organisasjonar er opptekne av dette problemet og det er sett ned ei arbeidsgruppe for å sjå på moglege tiltak. Se sak hos Noregs Bondelag: https://www.bondelaget.no/nyhetsarkiv/utenlandske-arbeidstakere-og-koronaviruset

Vi hos Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen, vil også følgje denne situasjonen nøye. Vi ønskjer å hjelpe til med dialog, samhandling og støtte til aktuelle samarbeidspartar for å sjå på moglegheiter for å leggje til rette for bruk av anna tilgjengeleg, norsk arbeidskraft. Vi vil på heimesida vår oppdatere framdrift i denne saka. Vi er også aktive med å sende inn viktig informasjon og analyser av situasjonen og moglege konsekvensar til sentrale styresmakter.

Kontaktpersonar