Førehandsvarsel - Utfylling Knardalstrand, Porsgrunn

Høyringsfrist:
2. februar 2021

Skagerak Nett AS søkte 07.01.2021 om løyve etter forureiningsregelverket til utfylling av 195 m3 over eit areal på 195 m2. Tiltaket skal utførast i Porsgrunnselva ved Knardalstrand, gbnr. 124/68 i Porsgrunn kommune.

Publisert 12.01.2021

Det skal leggast kabeltrasé mellom Roligheten på Herøya og Knardalstrand i Porsgrunn ved hjelp av styrt boring under Porsgrunnselva. Ved mottaksgropen ved Knardalstrand er det nødvendig å sikre kabelen ved tildekking. Arbeidet skal bli utført med gravemaskin frå land og utfyllinga skal bestå av vaska sprengstein. Sprengsteinen skal leggast til sikker høgde for gravaren i elva. Gravaren vil etter ferdig tildekking arbeide seg tilbake, og fjerne sprengstein etterkvart som gravemaskinen jobber seg tilbake mot land. Det er estimert at det vil ligge igjen eit overdekkingslag på ca. 0,5 m over kabel.

Sediment (0-10 cm) i er prøvetatt ved ein stasjon i tiltaksområdet, i tillegg til ein stasjon oppstrøms og ein stasjon nedstrøms. Analyseresultata viser at sedimentet i tiltaksområdet er forureina med TBT konsentrasjonar tilsvarande tilstandsklasse III (moderat), og enkeltforbindelsar av PAH tilsvarande tilstandsklasse IV (dårleg). Dette etter Miljødirektoratet sin rettleiar M-608/2016.

I Miljødirektoratet sin Naturbase kjem det fram at det er registrert lokalt viktig bløtbunnsområde og ålegras i ein avstand på høvesvis ca. 240 m og 330 nedstrøms tiltaksområdet. Skiensvassdraget er anadromt, og har også førekomst av bl.a. ål og elvemusling

 

Eventuelle merknader til søknaden kan sendast innan 02.02.2021 til:

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til fmvtpost@statsforvalteren.no