Økonomisk rådgjeving

Oppdatert 20.12.2023

Kommunen skal ha tilbod om økonomisk rådgjeving eller gjeldsrådgjeving til innbyggarane sine. Rådgjevingstenesta er ofte lagt til det lokale Nav-kontoret, og tenesta blir gitt i råd med lov om sosiale tenester. Tenesta er gratis. Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunane og omfattar mellom anna å gje opplærings- og kurstilbod til tilsette i kommunane.

Du bør søkje råd så tidleg som mogleg dersom du har problem med gjeld eller det er vanskeleg å betale for utgifter.

Sjølv om du alt mottek tenester frå Nav, kan du likevel ha nytte av å få økonomisk rettleiing. Kanskje har du eigentleg høg nok inntekt til å klare deg sjølv, men opplever likevel at det er vanskeleg å disponere inntekta slik at du greier deg fram til neste utbetaling? I så fall kan du truleg ha nytte av å søkje råd hjå Nav. 

Ta kontakt med det lokale Nav-kontoret om du ønskjer økonomisk rettleiing. Det er gratis, og du treng ikkje sende skriftleg søknad til Nav. Du kan melde frå om behov for rettleiing både munnleg og skriftleg i kontakten med Nav. 

Treng du sosiale tenester frå Nav eller råd om økonomi og gjeld? Les meir på nettsida til Nav.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 22.04.2020, Sist endra 02.11.2021

Koronasituasjonen og privatøkonomi

Sjølv om det no kjem på plass løysingar som skal hjelpe til at flest mogeleg får ei inntektssikring, vil dagens situasjon truleg føre til at mange får redusert inntekta si. Ein reduksjon av inntekta kan gjere det vanskeleg å dekkje framtidige utgifter.