Nasjonal leiarutdanning for primærhelsetenesta i 2019

Utdanninga rettar seg primært til einings- og verksemdsleiarar i helse- og omsorgstenesta kom­munar og tannhelsetenesta i fylkeskommunar. Utdanninga som BI tilbyr, er resultat av eit samarbeid mellom KS og Helsedirektoratet. Søknadsfrist til studiet er 15. april 2019. 

Studiet er aktuelt for leiarar i psykisk helsear­beid og rusarbeid, kommunale institusjonar og sjukeheimar, heimebaserte omsorgstenester, helsestasjons- og skulehelsetenesta, hab­iliterings- og rehabiliteringstenesta, offentleg legeteneste, fylkestan­nlegar, overtannlegar og klinikkleiarar. Andre med relevant leiaransvar kan også søkje om opptak. Det er ønskeleg at leiarar frå same kommune og ulike delar av primærhelsetenesta søkjer saman. Det styrkjer søknaden om rådmann eller kommuneleiing legg ved tilråding.

Frå hausten 2019 blir det gitt tilbod om opptak til fire nye klassar med til saman 216 nye studentar. Ein klasse vil vere lokalisert i Bergen, medan dei tre andre klassane er i Oslo. Sjå eiga brosjyre til utdanninga til høgre i artikkelen. Utdanninga gir 30 studiepoeng og kan gjennomførast som sjølvstendig modul eller som del av eit samla masterstudium.

Tema på samlingane er:

Samling 1: Ledelse og samhandling i kunnskapsorganisasjoner

Samling 2: Strategisk forvaltning og utvikling av kompetanse

Samling 3: Organisasjonskultur og gruppedynamikk i helse- og omsorgstjenesten

Samling 4: Ledelse av innovasjon og endring

Samling 5: Ledelse og økonomi: styring i offentlig forvaltning

Samling 6: Jus, internkontroll og etikk

Studieavgifta blir dekt av Helsedirektoratet. Reise og opphald må dekkjast av den enkelte. Det er mogeleg å søkje om reise- og opphaldstilskot frå KS.