Tilskot til dei sosiale tenestene i Nav-kontora for å handtere konsekvensar av Covid-19

Arbeids- og velferdsdirektoratet har stilt kr 3 186 029 til rådvelde for tilskot til tiltak ved Nav-kontora i Vestfold og Telemark for å støtte omstilling og nye arbeidsmåtar som følgje av korona-pandemien/Covid-19.

Kommunane kan søke om tilskot til kompetanse- og utviklingstiltak og til ekstra personellressursar.

Frist for å søke er 01.09.2020. Sjå nærare informasjon om tilskotsordninga under Lenker på denne siden.