Endra fråværsgrenser for turnusfysioterapeutar i samband med covid-19

Helsedirektoratet har komme med ei forskriftsendring som gir dispensasjon for auka fråvær frå turnustenesta, opp til åtte veker totalt, grunna covid-19.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.05.2020

Forskriftsendringa gjeld berre for dei som gjennomfører turnusteneste våren 2020. Helsedirektoratet gir berre gir dispensasjon dersom turnusfysioterapeuten kan dokumentera at fråværet utover fire veker kjem av permisjon eller omdisponering til andre arbeidsoppgåver på grunn av covid-19.

Helsedirektoratet gir på heimesida si òg rettleiing vedrørande godkjenning av turnus for turnuskandidatar som har vore beordra til anna teneste.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.