Leve hele livet

Leve-hele-livet-logo
Leve hele livet-logo
Oppdatert 28.02.2024

Reforma «Leve heile livet» er gjennomført, men arbeidet med å skape aldersvenlege lokalsamfunn held fram. I satsinga «Fellesskap og meistring – bu trygt heime» er målet å skape eit aldersvenleg samfunn prega av openheit, tryggleik og fellesskap. Det overordna målet er å bidra til at eldre kan bu trygt heime lengst mogleg.

Satsinga er tverrfagleg og har fire innsatsområde:

  • levande lokalsamfunn
  • bustadtilpassing og planlegging
  • kompetente og myndiggjorte medarbeidarar
  • tryggleik for brukarar og støtte til pårørande

Alt det gode arbeidet som er gjort i «Leve heile livet», skal vidareførast inn i «Bu trygt heime». Helsedirektoratet jobbar med ein nasjonal handlingsplan for korleis fleire eldre kan bu trygt og godt i eigen bustad lengst mogleg.

Dialogmøte og læringsnettverk

Statsforvaltaren har hatt ei sentral rolle i å koordinere arbeidet knytt til «Leve heile livet». Statsforvaltaren har gitt alle kommunar tilbod om dialogmøte og sytt for at alle kommunar vart inviterte inn i læringsnettverk. Statsforvaltarane er ein del av det regionale støtteapparatet, der også KS og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester er med. Vi har ikkje fått oppdrag i den nye satsinga enda. 

Vis meir

Reforma «Leve hele livet» skal bidra til at eldre kan meistre livet lenger og vere trygge på at dei får god hjelp når dei treng det. Kvalitetsreforma for dei eldre skal handle om fellesskap, aktivitet, mat og helsehjelp.

Målet med reforma skal vere fleire gode leveår der eldre menneske har god helse lenger og i større grad meistrar eige liv.

Aldersvenlege samfunn

Eldre skal kunne leve gode liv, uavhengig av helseproblem og helsetilstand. Reforma er særleg retta mot helse- og omsorgssektoren, men alle sektorar må bidra for å skape aldersvenlege samfunn.

Statsforvalteren har ei sentral rolle i å koordinere reformarbeidet. I 2019 skulle statsforvalteren blant anna gi alle kommunar tilbod om dialogmøte og sørge for at alle kommunar blir inviterte til å delta i læringsnettverk. Statsforvalteren er ein del av det regionale støtteapparatet, der også KS og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester er med.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.