Barnehage og opplæring

Barn og unge har rett til ei god utviklings- og opplæringstid frå barnehagealder til fullført vidaregåande opplæring.

  • Kommunane har plikt til å tilby plass i barnehage til barn som fyller eitt år før 1. desember det året foreldra søkjer om opptak, dersom barnet er busett i kommunen. Barnet kan få plass i kommunal eller ikkje-kommunal barnehage.
  • Barn og unge har plikt og rett til ei tiårig grunnskuleopplæring frå dei fyller seks år, og rett til å få denne finansiert av det offentlege. Det er kommunane som har ansvaret for grunnskuleopplæringa.
  • Ungdom mellom 16 og 19 år har rett til offentleg finansiert vidaregåande opplæring. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for opplæring på vidaregåande skule.

Fylkesmannen gjennomfører tilsyn og behandlar klagar

Fylkesmannen skal informere og rettleie innbyggjarar og eigarar av barnehagar og skular etter opplæringslova, privatskulelova og barnehagelova med tilhøyrande forskrifter. Fylkesmannen er også klageinstans for enkeltvedtak på desse områda og fører tilsyn etter opplæringslova og barnehagelova.

Tilskot til skular og barnehagar

Det er i hovudsak skule- eller barnehageeigaren og kommunane som har rett til offentlege tilskot. Fylkesmannen har oppgåver knytte til kontroll, klage og oppfølging av slike tilskot.

Vis meir


Kontakt oss om skolemiljø

Vestfold: 33 37 23 45

Telemark: 46 83 16 21 

Vi tar telefonen mandag til fredag mellom kl. 09.00 og 14.30.

Utenom denne tiden kan dere sende SMS og vi ringer tilbake neste virkedag.

Du kan også melde fra elektronisk i vårt meldeskjema.