Klagerett

Du kan klage på eit vedtak om oppretting av verjemål. Dersom du har fått, men ikkje ønskjer verje, kan du gi beskjed om dette til Fylksmannen der du bur.

Vanleg verjemål er frivillig, og du bestemmer sjølv om du vil ha verje eller ikkje. Verjemålslova gir utvida klagerett ved oppretting av verjemål. Utvida klagerett vil seie at det er fleire som har rett til å klage: 

  • den som er sett under verjemål
  • verja
  • den som har sett fram kravet om verjemål
  • personens ektefelle/sambuar, næraste livsarving og søsken

Klagefristen er tre veker frå du fekk vedtaket. Du skal sende klagen til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan gjere om vedtaket, eller sende klagen vidare til Statens sivilrettsforvaltning, som fører tilsyn med Fylkesmannen og som er klageinstans for vedtak gjort av Fylkesmannen.  

For andre vedtak enn oppretting av verjemål er det vanlig klagerett etter reglane i forvaltningslova. Klage på val av verje vert til dømes regulert av de vanlige reglane i forvaltningslova og ikkje etter dei spesielle reglane i verjemålslova.

Klage på verja

Dersom du meiner at verja di ikkje tek var på økonomien din eller rettane dine på ein god måte, kan du klage på verja til Fylkesmannen. Fylkesmannen vil då undersøkje om verja har gjort feil og om det vil vere betre for deg å byte verje. Fylkesmannen skal også rettleie verja og vurdere om det er nødvendig å gjere noko for at verjemålet ditt skal fungere betre. Dersom du ber om å få byte verje, vil Fylkesmannen som regel utnemne ei ny verje til deg. Du kan likevel ikkje alltid bestemme kven du vil ha som verje. Dersom Fylkesmannen meiner at den verja du ønsker ikkje er eigna til å vere verje for deg, kan det hende at du må få ein annan person til verje.

Fylkesmannen kan også på eige initiativ byte verje for ein person. Det kan skje dersom verja til dømes ikkje har sendt inn rekneskapsdokument eller andre opplysningar som Fylkesmannen ber om. I nokre tilfelle kan vi også sjå at ei verje har gjort disposisjonar som ikkje er godkjende av Fylkesmannen, som er uheldige for verjehavar eller i sjeldne tilfelle ulovlege. I slike tilfelle vurderer vi alltid om verjehavar er best tent med å få ei ny verje. 

Vis meir