Klima

Utsleppet av klimagassar i Noreg må ned for at vi skal nå dei internasjonale og nasjonale måla som er definerte i Parisavtalen og klimalova.  Vi kan avgrense klimaendringane ved å redusere klimagassutslepp og å auke opptak og binding av karbon. Samtidig må vi erkjenne at klimaet alt er i ferd med å endre seg, og at vi alt no må tilpasse oss eit endra klima.

Utsleppsreduksjonar

Fylkesmannen skal arbeide for å redusere utslepp av klimagassar på ei rekkje område. Vi er bindeleddet mellom nasjonal klimapolitikk og kommunar og andre aktørar i fylket. Fylkesmannen har dessutan ein viktig funksjon i å følgje opp planarbeidet i kommunane, både som rettleiar i kommunal planlegging og ved å fremje motsegn dersom planar er i strid med nasjonale retningslinjer. På landbruksområdet informerer og rettleiar vi om tiltak og verkemiddel som kan redusere klimagassutsleppa og auke opptak og binding av karbon. Vi jobbar for å formidle kunnskap og informasjon om klima til kommunane innanfor alle ansvarsområda våre. Dette gjer vi gjennom dialog med kommunane og gjennom samlingar, kurs og konferansar.

Klimatilpassing

I Noreg betyr klimaendringane i hovudsak høgare gjennomsnittstemperatur, auka nedbørintensitet, auka avrenning, færre dagar med snø, auka havnivå og konsekvensar for naturmiljøet. Endringane gir auka risiko for flaum, stormflo, skred (både jordskred og snøskred) og skader som følgje av overvatn. Klimaendringane har også meir sakteverkande effektar på natur og samfunn, som endringar i artar og økosystem og endra vilkår for naturbaserte næringar som fiskeri, landbruk og reiseliv. Klimaendringane har ulike konsekvensar i ulike område av landet, og nødvendige tiltak kan variere frå stad til stad. Fylkesvise klimaprofiler skildrar venta klimaendringar for kvart fylke mot slutten av dette hundreåret.

Fylkesmannen skal bidra til at samfunnet klarer å avgrense den negative effekten av klimaendringane. Rolla vår er å ta avgjerder og vere rettleiar innan fleire av fagområda våre. Arealplanlegging har ei nøkkelrolle i klimatilpassingsarbeidet, og Fylkesmannen rettleiar og kan komme med motsegn. Fylkesmannen har dessutan ei sentral rolle innanfor regional samfunnstryggleik og beredskap, som omfattar tilsyn, rettleiing og risikoførebyggande arbeid, og handtering av akutte situasjonar. Landbruk, avløp, naturforvaltning og vassforvalting er andre fagområde der Fylkesmannen kan vere med og bidra til at samfunnet er førebudd på å tole konsekvensane av et endra klima.

Vis meir


21.01.2020

Ny veileder for kommunal klimatilpasning

I 2018 ble det vedtatt nye statlige planretningslinjer (SPR) for klima og energi og klimatilpasning. Miljødirektoratet har siden da jobbet med å utarbeide veiledning til SPRen, og 5. desember ble veilederen lansert. Den vil være et viktig hjelpemiddel for kommunene i deres planarbeidet.

15.01.2020

Støtte til klimatilpasning i 2020

Miljødirektoratet deler i 2020 ut 6,4 millioner kroner til kommuner som ønsker å heve sin kunnskap om klimatilpasning. Søknadsfrist er 15. februar.

13.01.2020

258 millioner til kommunale klimakutt i 2020

Miljødirektoratet støtter klimatiltak i regi av kommuner og fylkeskommuner. For 2020 er det 258 millioner kroner i potten. Pengene kan gå til prosjekter som for eksempel reduserer klimagassutslipp fra vei/anlegg, vann og avløp, system for klimavennlige innkjøpsordninger, og fra arealendringer. Søknadsfristen er 15. februar 2020.