Næringsutvikling

Fylkesmannen skal leggje til rette for næringsutvikling og innovasjon i samarbeid med andre regionale og lokale aktørar. Regionale og lokale fortrinn og moglegheiter skal vernast og utviklast, slik at vi sikrar det økonomiske grunnlaget for framtida. Fylkesmannen skal også medverke til å skape eit godt samspel mellom landbruket og andre sektorar. 

Samarbeid om fylkesplanar, næringsplanar, Inn på tunet-tiltak, reiselivsplanar, utvikling av matproduksjonen, skogbruksplanar og bioenergiprogram står sentralt i dette arbeidet. 

Fylkesmannen har ei pådrivarrolle knytt til Innovasjon Noregs utviklingsprogram for lokalmat. Utviklingsprogrammet har økonomiske  verkemiddel innan  områda vekstbedrift, bedriftsnettverk, kompetanse og omdømmebygging.

Innovasjon Noreg forvaltar bedriftsretta midlar til investering og bedriftsutvikling (IBU-midlar). Fylkeskommunen har ansvaret for regionalt næringsprogram og forvaltning av midlar til regional tilrettelegging, kystskogbruket og rekruttering og kompetanseheving  på landbruks- og matområdet.

Vis meir


17.03.2020

Forvaltningen av UT-midlene

Viken fylkeskommune overtok ansvaret for Utrednings- og tilretteleggings-midlene (UT-midlene) fra Fylkesmannen 1.januar i år