Jordbruksfagleg samling for Innlandet

Fylkesmannen i Innlandet inviterer til jordbruksfagleg samling på Scandic Lillehammer Hotel onsdag 25. og torsdag 26. mars 2020. Målgruppe for samlinga er tilsette i kommunal jordbruksforvaltning. Påmeldingsfrist er fredag 21. februar 2020. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.02.2020

Målet med samlinga er todelt; for det første har vi som mål å gje fagleg påfyll, og for det andre vil vi gjerne bli kjende med kommunalt tilsette som arbeider med jordbruksforvaltning. Vi håpar også at kommunane blir kjende med kvarandre på tvers og slik kan utvide nettverk sitt.

I fagprogrammet tek vi opp mange ulike tema som vi meiner er aktuelle akkurat no. Det blir ein bolk om Fylkesmannen i Innlandet, om offentleglova og forvaltningslova, ein bolk om kontroll, og elles er det fokus på tilskotsforvalting, miljø/klima og utvikling. Det er stor fagleg breidde i programmet  sidan dei fleste i målgruppa arbeider med mange ulike ordningar. I tillegg har vi planlagd innslag for å bli kjende med kvarandre.

Vi vil også få ein smak av lokalmat frå Innlandet. Til middag får vi servert hotellet sin fantastiske Innlandsmeny som er laga av lokale råvarer frå bønder i Innlandet. Hotelldirektøren vil sjølv presentere menyen og fortelje korleis han vart utarbeidd. 

Sjå kursoversikten vår for meir informasjon