Reindrift

Norsk reindrift har sitt opphav hjå den samiske befolkninga, og skjer hovudsakleg i Nord-Noreg, Trøndelag, Møre og Romsdal og Hedmark.Reindriftsforvaltningens arbeidsoppgåver omfattar ressurs- og arealforvaltning, tilskotsforvaltning og reindriftsbasert næringsutvikling.

Nær 140 av landets kommunar har reindrift, på eit areal som utgjer om lag 40 prosent av landarealet i Noreg. Vi har 240 000 tamrein i vårflokk, 180 000 av desse er i Finnmark. Reindrifta sør for Finnmark har små variasjonar frå år til år, medan reintalet i Finnmark kan variere. Kalvetilgang, tap og slakteuttak er årsaker til variasjonane. I underkant av 3000 personar er tilknytt den samiske reindrifta.

Organisering av reindrifta

Reindrift skjer primært i det samiske reinbeiteområdet, som strekkjer seg frå Finnmark i nord til Hedmark i sør. Området er delt inn i seks samiske regionale reinbeiteområde og vidare i 72 sommar- og heilårsbeitedistrikt, og dessutan ti distrikt som blir brukte til haust- og vinterbeite for norsk reindrift og/eller som beite for svensk reindrift.

Grupper av reineigarar samlar reinen i felles flokkar på bestemte areal og samarbeider om drifta. Desse driftsgruppene blir kalla «siida» på nordsamisk og «sitje» på sørsamisk. Dei siste åra har det vore i underkant av 100 sommarsiidaar og om lag 150 vintersiidaar. Kvar siida er delt inn i siidaandelar, som har ein ansvarleg leiar.

Rein innanfor det samiske reinbeiteområdet skal merkast med eigarens merke. Berre personar av samisk ætt har i utgangspunktet rett til reinmerke.

Ikke-samisk reindrift utøves i Hedmark og Nord-Gudbrandsdalen og Valdres i Oppland. Denne reindrifta krev løyve i tråd med reindriftslova.

Rendal Renselskap har ei eiga driftsform basert på avskyting av privateigde dyr i Rendalen, Engerdal og Trysil. Svensk reindrift har bruksrett i bestemte område i Noreg, frå Troms til den nordlegaste delen av Hedmark.

Reindriftsforvaltning hjå Fylkesmannen

Fylkesmannen skal bidra til at styresmaktene når dei overordna måla for reindriftspolitikken. Vi skal mellom anna kontrollere etablering og overflytting av siidaandelar, gje råd i gjerdesaker, godkjenne bruksreglar utarbeidde av distriktsstyret, gje dispensasjon frå beitebruksreglane når det er sterke grunnar til det, om nødvendig fastsette beitetider for årstidsbeitene og gje fråsegner og kome med motsegn i saker etter plan- og bygningslova.

Reindriftsavtalen

Reindriftsavtalen er årlege forhandlingar mellom Norske Reindriftssamers Landsforbund og Landbruks- og matdepartementet om økonomiske verkemiddel for reindriftsnæringa.

Fylkesmannen har ansvar for tilskotsbehandling regionalt over reindriftsavtalen. Landbruksdirektoratet har ansvar for hovudutbetalingane til siidaandelane.

Rovvilt

Fylkesmannen har også ansvar for midlar til førebyggande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak og erstatning for rein drepen av freda rovvilt. Les meir om dette under temaet Miljø og klima hjå Fylkesmannen i ditt fylke.

Vis meir

Reindrift i Innlandet

I Innlandet er det samisk reindrift i Engerdal og Os kommuner. I tillegg har vi fem tamreinlag. Det er Rendal Renselskap, Lom Tamrein, Vågå Tamrein, Fram Reinlag og Filefjell Reinlag.

Som en følge av omlegginger i reindriftsloven, er den regionale reindriftsforvaltningen overført til fem fylkesmannsembeter. For Innlandet er det Fylkesmannen i Trøndelag som har ansvar for reindriftsforvaltningen. Reindriftsforvaltningens arbeidsoppgaver omfatter så vel ressurs- og arealforvaltning som tilskuddsforvaltning og reindriftsbasert næringsutvikling.

Det er inngått avtale mellom Fylkesmannen i Innlandet og Fylkesmannen i Trøndelag om bruk av kompetanse innen reindrift i behandling av arealplansaker. Det er også etablert rutiner for å holde reindriftsfaglig ansvarlig hos Fylkesmannen i Trøndelag informert om igangsatte plansaker i Innlandet, samt om når Fylkesmannen i Innlandet skal ta kontakt for reindriftsfaglig bistand. Bakgrunnen for dette er at innsigelsesmyndigheten etter plan- og bygningsloven fortsatt ligger hos fylkesmannsembetet der arealet ligger.


04.06.2020

Møte i merkenemndene

Merkenemndene i Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag / Hedmark har begge hatt møte i vår. Møteprotokollene legges ut på våre hjemmesider.

29.05.2020

Utbetaling av tilskuddene til siidaandeler og tamreinlag starter i juni

Fylkesmannen har blitt orientert av Landbruksdirektoratet om at utbetaling av tilskudd starter i juni

20.05.2020

Til hundeeiere - husk båndtvangen!

Fylkesmannen i Trøndelag ber hundeeiere holde hunden sin under kontroll og i bånd av hensyn til kalvingstida og utfordrende beiteforhold.

15.05.2020

Ny reindriftsdirektør ansatt

Camilla Knutsen (41 år) er ansatt som reindriftsdirektør hos Fylkesmannen i Trøndelag. Hun får ansvar for å følge opp ei naturbasert næring med ca. 40.000 rein som utøves over store deler av Trøndelag og i flere av fylkene sør for oss.

29.04.2020

Distriktsårsmøter i disse koronatider

Kan reinbeitedistriktene og reinlagene avholde årsmøter og i så fall hvordan?

24.04.2020

Ferdes du i fjellet? Vis hensyn for kalvinga!

Våren er i anmarsj og vi anmoder alle som ferdes i naturen om å vise hensyn til reinflytting og kalving.

17.04.2020

Forlenget frist for levering av melding om reindrift

Fristen forlenges til den 22. april 2020.

16.04.2020

Vi må kjenne historien for å forstå nåtiden - om samiske rettigheter og reindrift i Trøndelag

Ønsker du å lære mer om samiske rettigheter, og historien til den sørsamiske reindrifta og kulturen? Se her!

16.04.2020

Informasjon om elektronisk søknad for tilskudd til siidaandeler og tamreinlag

Skjema for elektronisk søknad om tilskudd åpner fredag 17. april 2020.

08.04.2020

Frist for levering av melding om reindrift og søknad om erstatning

Frister onsdag 15.04.2020 er: levering av melding om reindrift søknad om erstatning for rein drept av fredet rovvilt

Fleire nyhende