Grüne Woche 2021 avlyst

Ei av verdas største messer for mat, gartneri og landbruk, Internationale Grüne Woche i Berlin, som skulle vore gjennomført i januar 2021, er avlyst. Dermed blir det heller ikkje noko av den tradisjonelle norske deltakinga på messa.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.09.2020

Måtte til Berlin for å bli kjent med kollegaer

Messa har i over 30 år vore ein viktig møteplass, utstillings- og testarena for norske mat- og reiselivsopplevingar. Innlandet har gjennom åra vore godt representert på den norske standen på Internationale Grüne Woche (IGW) – dei siste tre åra som del av Fjell Norge sin stand.

Bedriftene har freista tyskarane med lokalmat og opplevingar som fjellkommunane i Innlandet byr på, frå Valdres i vest til Østerdalen i aust. Eit breidt spekter av bedrifter og produkt har delteke og gjeve eit bilde av korleis stadeigne ressursar og naturen gjev grunnlag for matproduksjon, næringsinntekter, mangfald og opplevingar.

Også i 2020 sende Opplæringskontoret Brimi-Kjøken to av dei dyktige lærlingane sine til Berlin saman med delegasjonen frå Innlandet. Nina Vatn og Brita Stensgård har for tida praksis på Vianvang.

Også i 2020 sende Opplæringskontoret Brimi-Kjøken to av dei dyktige lærlingane sine til Berlin saman med delegasjonen frå Innlandet. Nina Vatn og Brita Stensgård har for tida praksis på Vianvang.

Bedrifter frå Innlandet peikar særleg på at nettverksbygginga med andre aktørar har vore verdifull: - Frå Berlin tok vi med oss eit stort personleg og fagleg utbyte frå møtet med lokalmatprodusentar på tvers av produktkategoriar og geografi. Eit etablert kontaktnett ligg der og vi ser gode moglegheiter til å utnytte dette framover, seier Marius Eggen på Eggen gardsysteri i fjellbygda Vingelen i Tolga kommune.

Nesten hundre norske bedrifter

Etter planen skulle nærare hundre norske mat- og reiselivsbedrifter representere Noreg på IGW i 2021. Av desse ville rundt 10 bedrifter ha kome frå Innlandet.

– Vi forstår avgjerda frå messeleiinga om å avlyse. Alle må ta ansvar og smitteomsyn. Framover vil vi bruke tida til å utvikle norsk matproduksjon slik at vi kan koma endå sterkare tilbake med det beste vi har å by på av flotte norske matspesialitetar og reiselivsopplevingar, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad i ei pressemelding.

Jobbar på heimebane

Grüne Woche er eitt av tre store omdømeprosjekt for mat og landbruk i norsk landbrukspolitikk saman med Matstreif nasjonalt og Det Norske Måltid.

Landbruks- og matdepartementet vil saman med Innovasjon Norge ta initiativ til å gjera ein gjennomgang av regionarbeidet i IGW-prosjektet.