Individuell plan

Oppdatert 05.01.2024

Dersom du har behov for langvarige og koordinerte helse-, omsorg- og sosialtenester, har du rett til å få utarbeidd ein individuell plan om du sjølv ønskjer det. 

Det er helse- og omsorgstenesta i kommunane, helseføretaket og kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga (Nav) som skal sørge for at pasientar og brukarar får oppfylt retten til individuell plan. Dersom du treng tenester frå både kommunen og spesialisthelsetenesta, er det kommunen som skal sørge for at planen blir utarbeidd og koordinere arbeidet.

Føremålet med ein individuell plan  

  • Individuell plan skal medverke til at du får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod. Samfunnet skal sikre at det alltid er éin person – ein koordinator – som har hovudansvaret for å følgje opp deg som tenestemottakar.
  • Planen skal vere klargjerande for tenestemottakaren, avklare ansvarsforhold og danne grunnlag for vedtak om tenester frå det offentlege. Vidare skal det gjerast ei vurdering og setjast i verk tiltak som kan medverke til at hjelpa blir koordinert.
  • Planen skal medverke til å styrkje samhandlinga mellom deg, eventuelle pårørande og tenesteytarar innan eit forvaltningsnivå eller på tvers av forvaltningsnivåa.


Dei ulike aktørane har plikt til å samarbeide

Individuell plan er tenestemottakaren sin plan. Det inneber at det er dine mål som skal vere utgangspunktet for prosessen. Som brukar har du rett til og blir oppfordra til å vere med på å utgreie behovet for tenester, ønske og mål i kvardagen og i framtida. Den delen av kommunen eller helseføretaket som brukaren vender seg til, har ei sjølvstendig plikt til å få sett i gang arbeidet med planen. Dersom du har behov for tenester frå andre tenesteytarar eller etatar, har dei òg plikt til å samarbeide.

Koordinator utan individuell plan

  • Kommunen skal tilby koordinator også for pasientar og brukarar med behov for langvarige og koordinerte tenester som takkar nei til individuell plan. 
  • Spesialisthelsetenesta skal tilby koordinator til pasientar med behov for komplekse eller langvarig og koordinerte tenester. Koordinator i spesialisthelsetenesta erstattar den tidlegere ordninga med pasientansvarleg lege. 

Statsforvaltarens oppgåver

Statsforvaltaren skal medverke til samarbeid og ansvarsavklaring mellom kommunane og spesialisthelsetenesta.

Vis meir