Naturmangfald

Naturen skal forvaltast slik at plantar og dyr som finst naturleg i Noreg, skal sikrast i levedyktige bestandar. Vi skal også ta vare på den variasjonen som finst i naturtypar, landskap og geologi.

Alle har ansvar for naturmangfaldet

Alle typar inngrep i naturen kan true naturmangfaldet. Vi må derfor alltid vurdere konsekvensane av inngrep som for eksempel større vegar eller nye bustadområde.

Dei to viktigaste lovene for å sikre naturmangfaldet er naturmangfaldlova og plan- og bygningslova. Naturmangfaldlova pålegg styresmaktene å vurdere tiltak når naturen er trua.

Fylkesmannen er med på å sikre at leveområde, artar og naturressursar blir tekne vare på, blant anna ved å kontrollere at kommunane følgjer naturmangfaldlova, og sørgje for at kunnskap om miljøet blir lagt til grunn for kommunale avgjerder.

Trua artar og naturtypar

Meir enn 2000 plante-, sopp- og dyreartar står i fare for å bli utrydda i Noreg.  Regjeringa har peikt ut nokre av dei trua artane og naturtypane som «prioriterte artar» eller «utvalde naturtypar». Desse blir det teke særleg omsyn til i forskrifter til naturmangfaldlova. Fylkesmennene har ansvar for det faglege grunnlaget for nye handlingsplanar for trua artar og naturtypar, og for å gjennomføre tiltaka når planane er vedtekne. I mange tilfelle blir tiltaka utførte i samarbeid med grunneigarar, kommunar og foreiningar. 

Framande artar

Framande artar er plantar og dyr som ikkje høyrer naturleg heime i naturen vår. Meir reising, meir handel og eit mildare klima er nokre av årsakene til at det kjem nye framande artar til Noreg.

Det er viktig at framande artar ikkje skadar økosystema våre. Fylkesmennene deltek i arbeidet med å nedkjempe framande skadelege artar, blant anna ved å fjerne framande plantar frå verneområde og informere hageeigarar om kva for plantar dei helst ikkje bør bruke. Fylkesmannen har også oppgåver knytte til kartlegging og overvaking av framande artar.

Vis meir


04.11.2016

Nytt liv i våtmarkene

Restaurering av våtmark er et av de viktige miljøtiltakene for å begrense uønsket klimaendring. Våtmark gir også livsgrunnlag for mange planter og en rekke dyrearter, både fisk, amfibier og fugl og de gir flotte naturopplevelser.

12.07.2016

Naturtypekartlegging i skog

I august og september vil det bli gjennomført naturtypekartlegging i skogområder i Agder.

28.06.2016

Naturtypekartlegging i Agder i sommer

På oppdrag for Miljødirektoratet gjennomføres det kartlegging av naturtyper i flere kommuner i Agder i sommer.

30.03.2016

Lyngbrenning - et kinderegg?

Gamle metoder tas i bruk for å ta vare på kystlyngheiene på Sørlandet.

28.03.2016

Husk båndtvang for alle hunder fra 1. april til 20. august

Fra  1. april gjelder generell båndtvang for alle hunder. Båndtvangen gjelder til 20. august. I denne perioden skal en hund bli holdt i bånd eller forsvarlig inngjerdet eller innestengt.

02.11.2015

Samarbeid om bedre rypeforvaltning på Agder

Fylkeskommunene og fylkesmennene i Agderfylkene med samarbeidspartnere har arrangert seminar om bedre og mer kunnskapsbasert forvaltning av våre rypebestander.

17.08.2015

Med ministeren på jakt etter fremmede arter

Tine Sundtoft fikk se arbeidet som er gjort på Hove.

21.05.2015

Natur i balanse

På Sørlandet har vi et rikt biologisk mangfold både på land og i sjø. Se film her >

12.05.2015

Slåttemark som utvalgt naturtype i Aust-Agder

Midler til å opprettholde det biologiske mangfoldet er tildelt 31 lokaliteter for 2015. Se film her:

12.05.2015

Kystlynghei har blitt utvalgt naturtype

I Aust-Agder har vi kystlynghei som er på veg til å gro helt igjen. I 2016 kan det søkes om midler til tiltak.