Introduksjonsordninga

Det er i all hovudsak flyktningar og personar som har komme til Noreg via familieinnvandring som deltek i introduksjonsprogrammet. Målet er at dei skal lære seg norsk og komme raskt ut i arbeid eller utdanning. Introduksjonsprogrammet er eit kommunalt tilbod. 

Deltakarane får introduksjonsstønad så lenge dei deltek i programmet. Stønaden er meint som ei inntektssikring, og blir utbetalt av kommunen. Utbetalinga skjer etterskotsvis på grunnlag av registrert oppmøte. Kommunane får finansiert introduksjonsprogrammet og opplæring i norsk og samfunnskunnskap via ulike typar tilskot utbetalt av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet. 

Fylkesmannens oppgåver

Introduksjonslova inneheld fleire føresegner om enkeltpersonars rettar og plikter. Fylkesmannen er klageinstans for vedtak etter desse føresegnene. Det betyr at du kan klage på vedtak som gjeld deg sjølv og som omhandlar:

  • tildeling av introduksjonsprogram, introduksjonsstønad og opplæring i norsk og samfunnskunnskap
  • vesentlege endringar i individuell plan
  • stopp i introduksjonsprogrammet eller i opplæring i norsk og samfunnskunnskap
  • permisjon
  • trekk i introduksjonsstønaden med 50 prosent eller meir av ei enkelt utbetaling

For at den som har fatta vedtaket skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klagen til kommunen. Dersom kommunen verken opphevar eller endrar vedtaket, men opprettheld det, blir dokumenta i saka sende vidare til Fylkesmannen. Fylkesmannen behandlar klagen og tek ei endeleg avgjerd.

Fylkesmannen fører dessutan tilsyn med kommunens forvalting av introduksjonslova. Målet er å sørge for at alle kommunar oppfyller lovas minstekrav i ordningane som finst. 

Vis meir


05.06.2020

Midlertidig lov om tilpasninger i introduksjonsloven

Stortinget har vedtatt en midlertidig lov om tilpasninger i introduksjonsloven for å avhjelpe konsekvenser av utbrudd av covid-19.


17.09.2018

Tilsyn etter introduksjonsordningen i Lillesand kommune

Fylkesmannen har våren 2018 gjennomført tilsyn etter introduksjonsloven i Lillesand kommune.


17.09.2018

Endringar i introduksjonslova

Dei varsla endringane i introduksjonslova har nå trådt i kraft. Dei største endringane er knytta til forbod mot ansiktsdekkande plagg i undervisning, retten til introduksjonsprogram blir utvida og kommunane får plikt til å gi opplæring i norsk kultur og norske verdiar i mottak.


28.11.2017

Tilsyn etter introduksjonsordningen i Flekkefjord kommune

Fylkesmannen har våren 2017 gjennomført tilsyn etter introduksjonsloven i Flekkefjord kommune.


30.09.2017

Tilsyn etter introduksjonsloven i Arendal kommune

Fylkesmannen har våren 2017 gjennomført tilsyn etter introduksjonsloven i Arendal kommune.

 


28.11.2016

Tilsyn etter introduksjonsloven i Iveland kommune

Fylkesmannen har i 2016 gjennomført tilsyn etter introduksjonsloven i Iveland kommune.


28.11.2016

Tilsyn etter introduksjonsloven i Vegårshei kommune

Fylkesmannen har i 2016 gjennomført tilsyn etter introduksjonsloven i Vegårshei kommune.


28.11.2016

Tilsyn etter introduksjonsloven i Åseral kommune

Fylkesmannen har i 2016 gjennomført tilsyn etter introduksjonsloven i Åseral kommune.


28.11.2016

Tilsyn etter introduksjonsloven i Audnedal kommune

Fylkesmannen har i 2016 gjennomført tilsyn etter introduksjonsloven i Audnedal kommune.

 

 


23.09.2016

Oppdatert rundskriv til introduksjonsloven

Rundskriv til lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrere (introduksjonsloven) (G-01/2016) er nå oppdatert.